Hopp til innhold

Jente i tenåra påkøyrd på riksveg 5

Ei jente i tenåra er frakta til sjukehus etter ei påkøyrsle på Evja i Flora.

Påkøyrsle Florø

PÅKØYRD: Ei jente i tenåra vart påkøyrd her på Evja i Florø torsdag kveld.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

– Påkøyrsla skjedde i eit gangfelt, og det var ein personbil som var involvert, opplyser operasjonsleiar Agnar Dregelid ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ambulanse har vore på staden og frakta jenta til legeettersyn.

– Førarkortet til sjåføren vert rutinemessig kverrsett, opplyser Dregelid.

Saka vil bli etterforska av politiet i Florø.