Hopp til innhold

Meiner storkommunar er urealistisk

Vågsøy-ordførar Morten Hagen (H) frå Høgre meiner det er heilt urealistisk med ein stor kystkommune. Heller ikkje Lustraordføraren er begeistra for forslaget om storkommunar.

Morten Hagen

SKEPTISK: Vågsøy-ordførar Morten Hagen har ikkje tru på fire storkommunar.

Foto: Thomas Hagen

Jan Atle Stang

KOM MED FORSLAGET: Jan Atle Stang i NHO trur fire storkommunar er framtida.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Jan Atle Stang i NHO presenterte i dag eit forslag med berre fire, store kommunar i Sogn og Fjordane. Han ser for seg storkommunar som skal bli del av ein stor Vestlandsregion ut frå NHO-sin tankegang, og få nye oppgåver.

Kysten som ein kommune med Florø som senter, store deler av Sogn som ein med Sogndal som kommunesenter, ein kommune midt i fylket med Førde som «hovudstad» og ein i Nordfjord aust for Vågsøy med Eid som kjerne.

Har ikkje tru på dette

Men at Selje og Vågsøy i nord skal vere i same kommune som Gulen i sør, blir umogleg trur ordførar Morten Hagen.

– Frå Vågsøy til Florø tek det to og ein halv time. Det å ha så lang tid til kommunesenteret, ser eg ikkje på som realistisk. Når vi i tillegg ser på ytterpunkta, frå Gulen til Selje, så tek det lenger tid enn å komme seg til Oslo, seier Vågsøy-ordføraren.

Han meiner at mykje må gjerast i forhold til samferdsla langs kysten.

– Den er altfor dårleg. Skal noko bli realisert i forhold til større kystkommunar, må vi få på plass gode vegløysingar.

(Artikkelen held fram under kartet)

NHO sitt forslag til fire kommunar

FORSLAGET: Slik ser NHO for seg at Sogn og Fjordane kan delast inn i framtida.

Foto: Skisse: NHO Sogn og Fjordane

Positivt i Flora

Medan Vågsøy-ordføraren er skeptisk, er varaordførar Jan Henrik Nygård (V) i Flora positiv til NHO sitt forslag om fire storkommunar i Sogn og Fjordane.

– Eg tykkjer det er eit veldig godt forslag å knyte saman heile kysten. Dette ville gitt ei fantastisk slagkraft som heile fylket har leita etter. Eg har sett resten av kartet og trur dette er vegen å gå, seier han.

Trur ikkje stort er best

Ivar Kvalen

OGSÅ SKEPTISK: Ordførar Ivar Kvalen i Luster tenner ikkje på ideen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det er ikkje ordførar i Luster, Ivar Kvalen frå Senterpartiet. samd i. Han er skeptisk til forslaget om at dei skal vere med i ein storkommune i Sogn.

– Mi oppfatning er at det ikkje er aktuelt for Luster å vere med på noko sånt no. Ein slik storkommune betyr store avstandar og eg veit ikkje om det er til det beste for innbyggjarane, seier han.

Kvalen seier at forslaget om storkommunar, er eit mantra som NHO og Høgre-sida tek opp med jamne mellomrom.

– Det blir sagt at alt som er stort er bra, eg er ikkje heilt overbevist om at dette er godt fundert, seier han.

Meiner forslaget er spenstig

Atle Hamar

– MÅ TA DISKUSJONEN: Atle Hamar som er politikar i Jølster, meiner forslaget er spenstig.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Lokalpolitikar Atle Hamar (V) i Jølster trur kommunane må ta diskusjonen om korleis dei skal møte krava om kva tenester ein skal tilby og organiseringa av det.

– Det er eit ganske spenstig og radikalt forslag. Vi i Sogn og Fjordane er nøydde å sjå på korleis vi skal ta innover oss stadig strengare og lovpålagde krav i forhold til tenester, seier Hamar.