Hopp til innhold

«Dei spelar rulett med tryggleiken til passasjerane»

Ferja «Aurland» gjekk ved halv åtte tida i dag tidleg rett i fjøresteinane på Atløy. Pendlarar rasar no mot Fjord1 og meiner at dei leikar med tryggleiken til dei reisande.

atløy aurland

FEKK TRØBBEL: Bilferja «Aurland» fekk problem på Atløy i dag tidleg. Det er ikkje første gong det skjer.

Foto: MMS-tipsar

Bjørn Arne Mjåseth, som sit i samferdslenemnda for Atløy, meiner at det slett ikkje er noko overrasking at Fjord1 i dag tidleg hadde eit nytt uhell ved ferjekaia på Gjervik.

– Det føyer seg inn ei lang rekke av hendingar. Det er slett ikkje første gang Fjord1 har problem med materiellet i dette området og no er det om lag akkurat to år sida at ferja gjekk på kraftig på grunn på same plass. Etter det gjekk det om lag eitt og eit halvt år før Fjord1 fekk ordna opp og fekk den nye kaia på plass, seier Mjåseth til NRK.

– Spelar rulett

For han og andre pendlarar er no begeret fullt, og dei krev at styresmaktene pålegg Fjord1 å gjere noko med dei gamle ferjene som har trafikkert på strekninga mellom Askvoll, Gjervik og Fure.

– Dei spelar rulett med tryggleiken til passasjerane. I dag var jo dei berre heldige, dette er ein veldig fin morgon med gode vertilhøve. Men skjer eit slikt uhell i kuling eller storm, som det ofte er her ute, så er det ikkje sikkert at det går så bra. Då snakkar vi om uhell av ein heilt annan skala enn det vi var vitne til i dag, seier Mjåseth til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ferja Aurland

FERJA TIL KAI: Her ligg ferja Aurland som gjekk på grunn i dag tidleg.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Utfordrar politikarane

Han meiner standarden på ferjene kan få alvorlege konsekvensar, og ein berre ventar på ei ulukke.

– Vi har jo nokre samferdslepolitikarar i fylket som bør ta fatt i situasjonen. Skal dei inn med nytt materiell så vil det koste pengar og det bør dei snarast mogleg byrje å jobbe med, sler Mjåseth fast.

Tekk tekniske vanskar

Marion Svellingen Mjåseth, som kvar dag pendlar med ferja til Askvoll, vart augevitne til at den gamle Fjord1-ferja nok ein gong fekk tekniske problem.

– Eg såg ferja kom sigande forbi ferjekaia og gjekk akkurat klar trekaia. Det såg ut som ho vart liggjande i fjæresteinane, litt forbi den trekaia som ligg der, fortel Mjåseth.

– Dårleg materiell

Ho og dei andre pendlarane frå Atløy er no svært oppgitt over det dei meiner er for dårleg ferjemateriell på strekninga Askvoll-Gjervik-Fure.

– Ferja vart liggjande i ro, og vi vart ståande og vente på om vi kom oss avgarde vi skulle på jobb. Det såg ut som at dei prøvde på å få den i gang att fleire gangar, men det gjekk ikkje, fortel ferjependlaren.

– Tek oss ikkje på alvor

Ho synes stadige uhell og tekniske vanskar med ferja er trasig for dei som jobbar om bord på «Aurland» .

– Kvifor skal det skje så mange gonger før det vert gjort noko? undrar Mjåseth.

– Ferja ligg der og etter det det vart sagt er det ikkje ferjemateriell å setje inn heller. Ikkje noko særleg at Fjord1 i ikkje tek oss meir på alvor enn det dei gjer. Vi håpar at vi no får sett inn betre ferjemateriell no før brua kjem, og den brua skal vi ha, meiner ho.

– Audmjuke

Ferjekaia på Atløy
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Kommunikasjonsdirektør i Fjord1, Ingrid Førøyvik, ønskjer ikkje å kommentere kritikken frå dei mange som brukar ferjesambandet.

– Eg vil ikkje kommentere det noko nærare enn at vi registrerer det synspunktet frå brukarane. Så er vi sjølvsagt audmjuke til ei kvar hending i Fjord1, seier Færøyvik.

Fjord1 set inn ei ekstraferje på ferjesambandet Askvoll-Gjervik-Fure på fylkesveg 608.Ferja Florøy vil gå i normal trafikk frå klokka 11.25, men fram til då er det ikkje mogleg å få med seg bilen til eller frå øya.