Hopp til innhold

Vil ha statlege arbeidsplassar til Årdal

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, vonar no at nye statlege arbeidsplassar skal vere med å få industrikommunen opp frå sin hittil djupaste bølgjedal.

Arild Ingar Lægreid

VONAR PÅ STATEN: Ordførar Arild Ingar Lægreid vonar og trur staten på nytt vil bidra til årdalssamfunnet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I Årdal har det den siste tida kome mange negative meldingar.Hydro reduserer si bemanning, Dooria gjekk konkurs og på Norsun er 73 av 210 arbeidarar permittert. Dei siste ti åra har 140 industriarbeidsplassar forsvunne i Årdal.

– Dette lika vi jo slett ikkje. Vi har nede i ein bølgjedal, og den har vart lenger enn normalt, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.

Dooria Årdal

GJEKK KONKURS: Dørprodusentern Dooria satsa tungt i Årdal, utan å lukkast.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Fekk drahjelp til utbygging

For nokre år sidan fekk årdølene solid drahjelp frå staten i samband med etableringa av nye industriverksemder.

Statsminister Jens Stoltenberg og ordførar Arild Ingar Lægreid.

GODE TIDER: Lægreid tek imot statsminister Jens Stoltenberg. No vonar han på ny hjelp frå Jens.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Det er vel vanskeleg å sjå føre seg den drahjelpa vi fekk frå staten i 2007 og 2008, men vi forventar jo kanskje å få hjelp. Vi har prosjekt som kan gå på statlege arbeidsplassar også, som vi kan snakke med regjeringa om , seier Lægreid.

– Som til dømes?

– Nei, eg har ikkje noko konkret, men vi vart jo ein gong lova statlege arbeidsplassar frå ein næringsminister. Det er kanskje nokre moglegheiter.

Folk flest er uroa

På gata på Årdalstangen er også vanlege folk uroa over den negative industriutvikllinga i kommunen.

– Stemninga er jo litt trykka, og folk er engstelege for jobben sin. Det blir jo diskutert og snakka om kvar dag, seier ein mann.

– Det er ganske svart, synes eg. Alle desse som no blir permittert, spesielt da når det gjeld Norsun så er det jo heilt grusomt. Der er det jo mange ektepar. Då blir jo gjerne to råka, fortel ei kvinne.

Drøymer om Hydro-utbygging

Ordføraren legg ikkje skjul på at det er tøffe tider for kommunen, der kraftkrevjande industri har vore hjørnesteinen i all verksemd sidan slutten av 40-talet.

– Akkurat no så er det jo vanskeleg både i Årdal og for så vidt i heile Europa. Vi er jo eit industrisamfunn og merkar no det som skjer i Europa, seier Arild Ingar Lægreid.

– Kva er draumen no?

– Draumen no for meg er jo at Hydro no investerer i Norge og i Årdal. Om det ikkje blir så mange fleire arbeidsplassar, så sikrar det i alle fall framtida vår.