Hopp til innhold

Krev meir av Helse Førde i Florø

– Helse Førde må auke aktiviteten i Florø frå det som er i dag - elles blir det ikkje noko av at Flora kommune kjøper sjukehusbygningen, seier helsepolitisk talsmann for Venstre i Flora, Halvor Halvorsen.

Florø sjukehus

IKKJE KJØP LIKEVEL? Flora bystyre har vedteke å kjøpe sjukehusbygningen i Florø, men stiller krav til Helse Førde.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Mellom anna peikar Halvorsen på den kirurgiske poliklinikken som nyleg vart stengd.

– Det ligg ein kirurgisk poliklinikk som vart stengd i april fordi overlegen der gjekk av med pensjon. Der skulle det vere rundt 7500 inngrep i året, slik Helse Førde har skissert det i sine vedtak.

– Det var og sagt at den medisinske poliklinikken skulle aukast opp. Det har ikkje skjedd, den er i staden nedbygd, det manglar overlegar der. Slik kan vi ramse opp, røntgenavdelinga er i ferd med å bli bygd ned.

Halvor Halvorsen

PROVOSERT AV RINGSTAD: Halvor Halvorsen i Flora Venstre.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Krev meir enn det som er i dag

Halvor Halvorsen viser til at to statsrådar har sagt frå kva aktivitetsnivå det skal vere i Florø, først i 2007, så vart det stadfesta av dåverande helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i juni i år, seier Halvorsen.

– Helse Førde må oppfylle det helseministeren har vedteke når det gjeld spesialhelseteneste i Florø. Det er betrakteleg mykje meir enn det som er der i dag. Det er difor Flora Venstre har vore så veldig på bana for å halde fokus på akkurat dette.

– For vi ser at spesialisthelsetenesta i Florø er blitt utarma, det har blitt mindre og mindre år for år. Når folk går av med pensjon blir ikkje stillingane lyste ut igjen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jorunn Ringstad

PROVOSERER HALVORSEN: Styreleiar Jorunn Ringstad i Helse Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ringstad provoserer

Styreleiar Jorunn Ringstad sa i dag at aktiviteten i Florø skal haldast oppe på dagens nivå.

– Det blir i hovudsak det som er der i dag, og så vil vi sjå meir nøyaktig på kva som skal vere der, men at det blir spesialisthelseteneste i Florø i framtida, det er det ingen diskusjon om.

Dette provoserer Halvorsen.

– Det er nettopp det ho seier om dagens nivå vi er leie av. Vi er leie av å bli lurde. Dersom Helse Førde ikkje fylgjer opp pålegga frå statsråden så blir det ingen handel.