Hopp til innhold

No vil mange fleire få tilgang til 3G-nettet

Telenor varslar no ei omfattande satsing på utbygging av 3G-nettet i Sogn og Fjordane, og føre til at mange får langt raskare mobilt breiband.

Amundsen 19

LOVAR BETRE DEKNING: Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, varslar betre 3G-dekning i Sogn og Fjordane.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det vil tyde ein stor fartsauke for alle dei som brukar mobilen som tilgang til internett i Sogn og Fjordane, seier dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen.

I dag er det mange basestasjonar i Sogn og Fjordane som berre har GSM, ofte kjenneteikna med ein E på mobilen din. Her er det store avgrensingar i datatrafikken.

Langt fleire får

– I løpet av 2013 så vil grovt sett to av tre basestasjonar i heile fylket ha fått 3G. Det betyr noko for dei som brukar mobilt breiband og data, dei vil få glede av dette her, oppyser Amundsen til NRK.

Telenor har starta ei kartlegging av alle basestasjonane for å sjå på kven som kan oppgraderast til tredjegenerasjon mobilnett, såkalla 3G.

Ut neste år

Når mobilnettet blir oppgradert fleire stader, vil mange få raskare mobilt breiband. Dette betyr at nettsurfinga på mobilen går kjappare. I dag er det byane, tettstadane og nokre utfartsstader i Sogn og Fjordane som har 3G.

– Dette handlar om 3G mellom byane, det handlar om 3G på ferjeleier. Dette vil skje fortløpande frå og med fjerde kvartal i år og ut fjerde kvartal neste år, seier Amundsen i Telenor.