Hopp til innhold

Tre bilar involverte i kollisjon på E39

Tre bilar small saman i ein kjedekollisjon i rundkøyringa ved Plantasjen på E39 i Førde tysdag kveld.

Smell E39

SMELL: Tre bilar small i kvarandre i 60-sona på E39 i Førde tysdag kveld.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Så vidt vi kjenner til er det ikkje snakk om ei alvorleg ulykke. Men tre bilar er involverte, opplyser operatør ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Stian Antonsen, til NRK.no.

Ulykka skal ha skjedd ved fotgjengarfeltet like før rundkøyringa før Hafstadflata på E39, og vart meld klokka 21.20.

Ein person send til sjukehus

Ein person er lettare skadd og send til Førde sentralsjukehus for legesjekk.

Mannskap frå Førde brannvesen var på staden og spylte vegbana for diverse søl etter smellen. Vegen er no open for fri ferdsle.

Årsaka til ulykka er førebels ukjend. Saka vil bli etterforska av Førde og Naustdal lensmannskontor.

Spyle

SPYLING: Brannvesenet måtte spyle vegbana etter uhellet.

Foto: Silje Guddal / NRK