Hopp til innhold

Tok 14 bilistar for for høg fart

I løpet av tysdag ettermiddag stogga Utrykningspolitiet 14 bilførarar som ikkje overheldt fartsgrensene.

Patruljen stod ei stund i 60-sona på fylkesveg 55 ved Kvam eit par kilometer utanfor Sogndal sentrum. Her vart fem bilførarar tekne med for høg fart. Høgste fart vart målt til 73 kilometer i timen.

Det vart også halde fartskontroll på riksveg 5 på Kaupanger i ei 80-sone ved Amla. Her vart ni bilførarar stoppa for for høg fart. Høgste fart vart målt til 104 kilometer i timen.