Hopp til innhold

Stridast om kanon

Politiet beslagla ei kanon frå 2. verdskrig på Osterøy i september. Ein hotellsjef i Gudvangen hevdar kanonen vart stolen frå han for 14 år sidan.

No hamnar striden i retten. Lokalpolitikaren frå Hordaland som hadde kanonen, har kravd å få den tilbake frå politiet.

Men hotelleigar Olav Hylland i Gudvangen har sakna den i 14 år og seier det er uaktuelt at mannen får behalda den.

Kanonen forsvann frå hotellet då det skulle gjerast vedlikehald på den.