Hopp til innhold

Dette har han gjort i over 60 år

Han er ein utdøyande rase, Harald Skjærli (76) frå Førde. I over 60 år har fjordfiskaren glidd ut Førdefjorden, på jakt etter krabbe, hummar og fisk.

Harald Skjærli

FJORDFISKAR: Harald Skjærli er ein ekte fjordfiskar av den gamle sorten, og har endåtil fått ein plass utanfor kommunehuset i Førde kalla opp etter seg

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Jauda, krabber skal vi få. Det blir ikkje problem, humrar 76-årige Harald Skjærli i det gamlebåten tøffar utover Førdefjorden.

16 hestar frå ein Saab dieselmotor syter for framdrifta på den stille og fine Førdefjorden. Grå skyer over fjellsidene meir enn antydar at regnvêret er i anmarsj.

– Utdøyande rase

For Skjærli gjer ikkje det noko som helst. Både ulltøy og regntøy er på plass. Dette har han gjort før. Og han blir aldri lei det.

Svanar på Førdefjorden

VITJING: Morgonstunda på Førdefjorden er full av naturopplevingar. Her kjem to svaner på vitjing.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

I over 60 år har Skjærli drive med fjordfiske. Og fjordfiskarar er det ikkje mange att av i dag. Kvar morgon skal krabbeteiner både setjast og takast opp.

– Vi er ein utdøyande rase. Men det er interessant å sjå kva ein får, seier han og konstaterer at han er «biten av basillen».

Lite hummar

Denne tysdagsmorgonen er det ikkje mange hummarar i hummarteinene.

– Den er full i krabber, og då går ikkje hummaren inn, fortel Skjærli og legg til at han meiner det blir mindre og mindre hummar i fjorden.

– Det har vore fiska for mykje, og så var det lenge dei brukte å ta rognhummaren. Det har ikkje eg gjort sidan 70-talet. Eg har brukt å setje den ut att, legg han til.

Uvanleg fine krabber

Men om hummaren glimrar med sitt fråvær, er det tydeleg at det er mykje krabber i fjorden. Og dei er fine.

– Ja, krabbene er nokolunde bra i år. Det er sjeldan den er så bra, så tidleg som i år. Dei skal vere litt brune, men er dei heilt lyse, så er det som regel vasskrabbe eller så har dei nett skifta skal. Og då er det lite mat i dei, seier Skjærli.

Eigen plass

Fangsten varierer frå to-tre til 10–20 krabber per teine. På ein dag kan han få så mykje som 100 krabber. Desse vert haldne i live til laurdags morgon.

Då går turen til Førde sentrum og torget der, eller «Harald Skjærlis plass», som den vart døypt.

– Eg tykte det var litt grovt, humrar Skjærli og vender båten mot Leknes ved Vevring. Slusene opnar seg og den våte septembermånaden ser ut til å halde fram i inngangen av oktober.

Vil halde fram

Båten tøffar utover fjorden og med eitt har ein fjellområda Engebø der Nordic Mining har store planar om å vinne ut rutil. Desse planane har Skjærli lite til overs for. Han fryktar slam frå gruvedrifta vil øydeleggje livet i fjorden.

Dette både støttar og avviser rapportar i samband med planane. Men enn så lenge er det i alle fall liv både i og på fjorden.

Naturopplevingane gjer at Skjærli vil halde det gåande som fjordfiskar så lenge han «er oppegåande».

– Måsen følgjer meg stort sett heile tida, men her ein dag kom det bort to svaner og kika opp i båten. Eg trur det er nokre som er tamme, seier han.