Hopp til innhold

Ny datalagringspark kan gi 20 nye arbeidsplassar i Luster

Luster kan få 20 nye arbeidsplassar i ein ny serverpark ved Leirdøla kraftverk.

Leirdøla kraftverk

SIKKER KRAFTKJELDE: Ved Leirdøla kraftverk kan ein ny datalagringspark sjå dagens lys. Sikker tilgang på straum er blant fordelane med å leggja det her.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Reguleringsplanen er i boks, og snart vil første byggesteg til det som kan bli eit stort nasjonalt datalagringsprosjekt reisa seg i Luster

Det skriv Sogn Avis i si papirutgåve tysdag.

Det er selskapet Bluefjords AS som vil byggja dataparken ved kraftverket, og Terje Aaberge i selskapet seier til Sogn Avis at det er viktig at dei har eit fungerande prosjekt å vise til når dei skal selje inn ideen til større aktørar.

– Det er rett ved ein kraftstasjon og foredlingsanlegg. Vi får etter kvart tilgang på mykje straum og det er vatn i elva til kjøling. Straumsikkerheita vil vere stor, så det er absolutt eit greitt opplegg som vil fungere, sa Aaberge til NRK i juni.

Ivar Kvalen

NØGD ORDFØRAR: Ivar Kvalen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Etter planen vil dei vera i aktivitet i løpet av våren 2013.

Ordførar Ivar Kvalen meiner Luster, som ein av dei største kraftkommunane i landet, har eit unikt konkurransefortrinn med tanke på lokalisering av ein serverpark.

– Moglegheitene der framme kan vera veldig store. Eg håpar at det i framtida kan vera snakk om 20 nye arbeidsplassar, seier ordførar i Luster kommune, Ivar Kvalen.