Hopp til innhold

Har tapt ti millionar på tre veker

Sogn og Fjordane Energi kjem i år til å tape mellom 60 og 70 millionar kroner på dårleg linenett i fylket.

SFE i Bukta på Sandane

TAPAR MILLIONAR: Sogn og Fjordane Energi får ikkje utnytta nedbøren til det fulle. Så langt i år har dei tapt kring 40 millionar kroner på dårleg linenett.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Berre i løpet av dei siste tre vekene har selskapet gått glipp av ti millionar kroner fordi dei ikkje får levert all straumen dei kunne produsert.

– Dette som følgje av at vi må la vatn, som vi elles kunne produsert og sendt inn på nettet, passere fordi det ikkje er kapasitet på nettet, seier fungerande konsernsjef, Asgeir Aase.

Flaskehalsar

Ein våt september gir smekkfulle vassmagasin, men det betyr ikkje nødvendigvis klingande mynt i kassen. For dårleg linjenett gjer at selskapa ikkje får levert så mykje straum som dei kunne produsert.

Så langt i år har Sogn og Fjordane Energi åleine tapt kring 40 millionar kroner.

– Vi antar at vi vil tape mellom 60 og 70 millionar innan året er omme. Nettet ut av området er altfor svakt, det er flaskehalsar og for høge tap, seier Aase.

– For tynne liner

I tillegg fører det svake linenettet til at vi er i eit eige prisområde som gir Sogn og Fjordane mindre betalt for straum som dei leverer.

På toppen av dette reknar Aase med at dei taper kring 20 millionar kroner i året på reint svinn frå linenettet.

– Linjene er for tynne i høve til kva mengder av ny produksjon som er komen, seier Aase.

Vil betre seg

Aase seier følgjene av tapa er lågare resultat for verksemda, mindre utbyte til eigarane og mindre evne til å kunne investere.

Samstundes trur Aase at ting vil ordne seg, ikkje minst etter at den nye kraftlinja mellom Ørskog og Fardal er realisert.

– Vi må byggje mykje nett, men det er også viktig at styresmaktene får på plass konsesjon og godkjenning i tide. Men ting vil ordne seg over tid. Ørskog-Fardal vil avhjelpe veldig mykje, avsluttar han.