Hopp til innhold

Stogga storsmuglar i narkorus

Ein polsk mann i 30-åra vart sist fredag pågripen av politiet med store mengder smuglarsprit og øl i varebilen. Mannen køyrde i narkorus.

Smuglarsprit Lærdal

BILEN FULL: Varebilen som den polske manne køyrde var smekkfull av smuglarvarer.

Foto: Politiet

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Det var tips frå publikum om vinglete køyring på strekninga mellom Årdalstangen og Lærdal. Det gjorde at politiet rykka ut og stansa då bilen i Lærdal.

Det fortel lensmann i Sogndal, Åge Løseth, til NRK Sogn og Fjordane.

Stort kvanta sprit

– Inne i bilen så blei det funne 140 liter brennevin og 1280 liter øl, opplyser Løseth.

Åge Løseth

Lensmann Åge Løseth.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det var ved halv fire-tida fredag ettermiddag politiet fekk tips om at ein varebil køyrde vinglete langs Årdalsfjorden. Mannen la alle korta på bordet då han vart teken, og sat i politiet sin varetekt til i går.

Då vart han framstilt for Fjordane tingrett, og vart dømd til 25 dagar fengsel utan vilkår.

Vert sendt ut av landet

– Det gjekk kjapt og greitt, og gjerningsmannen erkjende då dette forholdet og det var jo hovudgrunnen til at vi kunne få det pådømd såpass kjapt, opplyser lensmannen.

Mannen hadde heller ikkje gyldig førarkort og testa og positivt på bruk av dei narkotiske stoffa amfetamin og hasj då det vart teke ei rutinemessig urinprøve av mannen kort tid etter pågripinga i Lærdal.

– Eg Reknar med at vi får ein soningsplass til han i løpet av dagen eller morgondagen. Då vil vedkomande bli sendt på soning og etterpå er det bortvising frå landet, sler Løseth fast.

Beslag Lærdal

MYKJE VARER: Totalt 140 liter sprit, 1280 liter øl og ein del sigarettar vart politiet sin fangst.

Foto: Politiet

Tredje saka på eitt år

Politiet opplyser vidare at verdien av beslaget som vart gjort i varebilen til mannen er på kring 340.000 kroner.

– Det blir jo å spekulere, men det kan jo sjå ut som det er ein viss form for organisering som kan liggje i botnen. seier lensmann Åge Løseth.

Politiet i Indre Sogn har det siste året hatt to andre smuglarsaker som involverer polske statsborgarar.

– I fjor haust blei det gjort eit liknande beslag, der vi tok fire polske borgarar. Vinteren 2012 blei det gjort eit mindre beslag frå ein polsk borgar. Så dette er altså tredje gongen vi har gjort beslag i Sogn i løpet av 11 månader.