Hopp til innhold

Meiner hjortevalda er for små

Talet på hjort aukar medan slaktevekta på enkeltdyra går ned. Årsaka kan vera at hjortevalda i fylket er for små til å kontrollere utviklinga til hjortebestanden.

Hjort i haustfargar
Foto: Leo Johnson

I sluttrapporten frå hjortemerkingsprosjektet i Sunnfjord og Sogn blir det slått fast at hjortevalda er for små. Arbeidet med merkingsprosjektet har vist at hjorten har eit gjennomsnittleg leveområde på over 75 kvadratkilometer i året, medan gjennomsnittstorleiken på valda er på under ti kvadratkilometer.

Ut frå dette konkluderer merkingsprosjektet med at valda er for små til å forvalte hjortestammane heilskapleg.

Lågare vekter

Merkeprosjektet vart avslutta i 2011, og samtidig med sluttrapporten deira kjem ein rapport frå Norsk institutt for naturforsking (NINA) som viser at slaktevektene går ned, samtidig som dyra er mindre produktive. NINA konkluderer med det blir tettare og tettare mellom dyra, og det har ført til at førre to og eit halvt-årige koller får kalvar.

Ny kunnskap

Joar Helgheim, viltansvarleg hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune, stiller no spørsmål om hjortebestanden har vorte for stor, sett i lys av tala frå NINA.

- Det er i alle fall noko som jegerar og grunneigarar må ta stilling til i samband med bestandsplanlegginga, seier han og ber grunneigarar og kommunar om å setje seg inn i den nye kunnskapen.