Hopp til innhold

Vegen øydelagt tre gonger

Vegen til Otto Øvretvedt sitt hus i Førde har vorte øydelagt av vatn tre gonger sidan bystien til Hafstadfjellet opna. No har han gitt opp å få erstatning.

Arbeidet med den nye bystien i Førde skapar problem for naboane. Stien fører nemleg til at vatnet tar nye vegar, og dette skaper fare for ras og flaum.

Bystien lagar flaum

- Vatn har det alltid vore oppi her, det er greitt. Men når dei begynnar å samle ein del av det i eitt utløp vil det fosse nedover og forårsake skade, seier Otto Øvretvedt.

Bystien vart offisielt opna i sommar, men arbeidet har pågått i fleire år. Omtrent like lenge har naboane rundt Lysthaugen klaga på stadig aukande vassmengder. For etter arbeidet med bystien starta har vatnet funne nye vegar ned frå Hafstadfjellet.

- Fossar ned

I ein rapport NVE har laga om ein av naboane til Øvretvedt står det at store steinblokker kan rase ned, ein annan har fått vaska vekk brusteinen i tunet to gonger dei siste åra. Øvretvedt viser uroa fram røyret som er lagt ut ved skogsvegen, som han meiner er årsak til problema.

- Her berre fossar det nedover mot husa. Når det regnar skikkeleg er det røyret fullt og då berre flyt det nedover, seier han.

Vil undersøke

Førde kommune avviser ikkje at bystien kan vere årsaka til problema, men vil ha saka skikkeleg undersøkt.

- Vi ynskjer å få vurdert om det er ei samansetning av fleire problemstillingar for ikkje å koble alt mot bystien. Det er for tidleg å seie det på noverande tidspunkt, seier assisterande rådmann i Førde, Lise Mari Haugen.
Øvretvedt har no gitt opp å få erstatning, og må ordne vegen sin for eiga lomme.

- Det er litt «forbannet» for å seie det enkelt. Heilt unødvendig. Det burde vore gjort noko for lenge sidan.