Hopp til innhold

Amnesty vil ha Trafigura dømt

Saka mot Trafigura etter Vest Tank-eksplosjonen vart lagt vekk av rettsapparatet. Amnesty International meiner likevel det går an å få dømt reiarlaget.

Eksplosjon i Sløvåg
Foto: at Asbjørn Refsdal

- Vi meiner henlegginga ikkje er godt nok grunna i og at Økokrim må ta opp att etterforskinga. Vi meiner det er dekning både i norsk og internasjonal lov for å ta opp att etterforskinga, seier politisk rådgjevar Beate Eikeløve-Slydal i Amnesty International Norge til aftenposten.no.

Amnesty har saman med Greenpeace brukt tre år på å lage ein rapport om Trafigura.

Leverte farleg materiale

Eksplosjonen i Gulen skjedde i 2007, og same året opna Økokrim etterforsking mot Trafigura, reiarlaget som eigde båtane som leverte materialet som eksploderte. Seinare kom det fram at over 200 personar i Gulen fekk helseplager etter eksplosjonen. Trafigura sine aktivitetar blir også sette i samanheng med svært omfattande helseplager og 15 dødsfall i Elfenbeinskysten.

- Vi meiner norske styresmakter har svikta ved å ikkje stille Trafigura til ansvar. Med vitande og vilje transporterte Trafigura eit svært giftig materiale inn i norsk farvatn, la til kai og lissa lasta si hjå Vest Tank. Materialet bidrog til at to av Vest Tank sine tankar eksploderte, seier Eikeløve-Slydal.

Saker mot Vest Tank

Direktøren i Vest Tank sonar no fengselsstraff etter eksplosjonen, og snart skal eigaren og ein ekstern konsulent stillast for retten. Men Økokrim vekk saka mot Trafigura i 2010 fordi dei meinte det ikkje var dekning i lovverket for å dømme selskapet. Etter tre års arbeid meiner Amnesty og Greenpeace at det var feil.

- Med utgangspunkt i flaggstatsjuridiksjonen som gjeld i internasjonalt farvatn vil skipet Probo Emu, som kom til Norge, kunne sjåast som å vere ein del av territoriet til landet der skipet er registrert. Det opnar for straffeforfølging av selskapet, seier Eikeløve-Slydal.

Ulik tolking

- Det er snakk om ulik tolking av regelverket. Vi seier ikkje at Økokrim tek feil, men at det er eit handlingsrom for lovbruk både innanfor Basel-konvensjonen og eksisterande norsk lov som Økokrim ikkje har brukt, seier Eikeløve-Slydal.
Økokrim har fått presentert rapporten, men meiner det ikkje er grunnlag for å ta opp att etterforskinga.

- Å bruke flaggstatsjuridiksjonen var eit urealistisk resonnement som ikkje slo oss under etterforskinga. Når det gjeld forureiningslova meiner vi den klare hovudregelen er at det er dei som tek i mot avfallet som skal ha løyve til det frå norske styresmakter og ikkje kunden, som her er Trafigura, seier statsadvokat i Økokrim, Tarjei Istad.