Hopp til innhold

Betydeleg auke av lakselus

Havforskingsinstituttet sine undersøkingar av lakselus i norske fjordar viser at 2012 var nok ein sommar med hardt press på villfisken.

Lakselus
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

- I juni hadde sjøauren som vi undersøkte i ytre del av Sognefjorden meir lakselus enn det som er vanleg i område utan oppdrett. Tale på lus per fisk var også betydeleg høgare enn i 2011, seier forskar Pål Arne Bjørn som er prosjektansvarleg for overvakinga av lakselus ved Havforskingsinstituttet til Havforskingsinstituttet sine nettsider .

Lakselus stammar vanlegvis frå oppdrettsanlegg, og livnærer seg av slim, blod og skinn frå fisken dei festar seg til. Om fisken blir hardt angripen kan den bli kraftig svekka av lakselusa.

Best innst i fjorden

Sognefjorden har status som nasjonal laksefjord, og i områda innst i fjorden er infeksjonspresset stadig lågt. Verre blir det så snart fisken kjem ut av vernesona og nærare havet.

Havforskingsinstituttet konkluderer med at det meste av villaksen sannsynlegvis kom seg ut i havet med lite lus på seg dei fleste stadene som vart undersøkte, men ikkje alle. For sjøauren er det verre stilt, sidan dei held seg i fjordane og langs kysten gjennom sommaren.

- Oppsummert ser det ut som at infeksjonspresset på vill laksefisk i ytre del av Sognefjorden har vore høgt også i 2012. Som tidlegare år fann vi lite lus på sjåauren innanfor grensa til den nasjonale laksefjorden, seier Bjørn.