Hopp til innhold

- Nettevaulering kan ende i hysteri

Fryktar ukontrollert evaluering av lærarar kan ende med hysteri og uthenging.

Liv Horvei, rektor ved Øyrane vidaregåande skule
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Eg er redd dette endar med uthenging. Såpass trygge bør me vere på kvarandre i skulen at me torer å gje kvarandre både gode og mindre gode tilbakemeldingar, men dette er feil arena, seier rektor ved Øyrane vidaregåande i Førde, Liv Horvei.

- Eg forstår ikkje kvifor dette er nødvendig. Eg kjenner ingen andre yrkesgrupper som blir evaluert slik lærarane blir her. Det er ikkje rett å gjere det på denne måten, legg ho til.

Mange lærarar evaluert

Før helga låg det ute evalueringar av fire av hennar lærarar på den omstridde nettstaden der folk kan logge seg på og legge att vurderingar av lærarar i den vidaregåande skulen. Etter det har nettstaden endra vurderingssystem slik at dei gamle vurderingane er borte og berre namna er att.

- Det har vore så mykje snakk i politikken om at vi treng lærarevaluering i Norge. Eg har vore med i elevrådet, men har aldri sett noko til det. Mange lærarar følgjer ikkje kompetansemåla, og vi elevar har ikkje høve til å få gjort noko me det, seier 18-åringen som står bak nettsida, Eirik Rossbach, til VG Nett.

Hyppigast på Eid

Difor oppretta han nettstaden, der elevar velje fylke og skule for så å legge att sine vurderingar innan kriteria «fagkunnskap», «evne til å lære bort», «respekt for elevane» og «engasjement».

Namnelista viser at lærarane ved Eid vidaregåande, Hafstad vidaregåande og Høyanger har vorte evaluert hyppigast i Sogn og Fjordane.

- Eg har ikkje vore inne og sett, men eg har høyrt at det ligg namn der, seier Horvei.

Skjermdump frå nettsida

EVALUERING: Sida for Sogn og Fjordane viser at mange lærarar er evaulert, men mange av evauleringane er no fjerna.

- Vi har skjema

Ho meiner hennar elevar har godt høve til å evaluere lærarane sine, utan å gjere det på nettet og i full offentlegheit.

- Vi har eit skjema me gir ut til elevane våre der får anledning til evaluera lærarane sine.

- Trur du at det sit frustrerte elevar rundt om kring som ikkje tør å gje tilbakemelding direkte til læraren sin?

- Dette er ikkje rett måte å gjera det på. Skal ein ordne opp i interne forhold må ein ta det opp med dei personane det gjeld direkte. Då må lærarar og elevar snakka med kvarandre. Dei må ha dialog, seier Horvei.