Hopp til innhold

Fjerna 65 tonn gummi frå bana

65 tonn gummi av feil sort er no fjerna frå Fosshaugane. Resultatet er ei mjukare fotballbane, og fotballspelarar med færre brannsår.

Her "støvsuger" dei vekk 65 tonn gummigranulat frå Fosshaugane.

Støvsuging av Fosshaugane

- Du kjenner det med ein gong du går utpå. Det er mykje mjukare å trø på. Det er bra. Før var det jo halvfarleg utpå her, seier sogndalspelar Ørjan Hopen som har skottrening for seg sjølv på det nye dekket på Fosshaugane.

Forklaringa ligg i dei små gummibitane som ligg mellom dei kunstige grasstråa på Fosshaugane. Då kunstgraset vart teke i bruk på Fosshaugane i sommar var det ein annan og langt hardare type gummi som låg der.

- Det var nett som småstein. Om du kjenner på desse er dei heilt annleis, seier Hopen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ørjan Hopen driv skottrening på Fosshaugane

BETRE: Underlaget på Fosshaugane er mjukare no, men skota til Ørjan Hopen er like harde.

Foto: Arve Uglum / NRK

65 tonn feilvare

- Det var rett og slett ein feilproduksjon frå leverandøren. Gummien var alt for hard og blei nesten som småstein. Om du fekk ein i skoen var det nesten som å gå på småstein, seier anleggsansvarleg i Sogndal Fotball, Tom Idar Teigen.

Resultatet vart fotballspelarar med brannsår på legger, lår og alt anna som kom nedi graset i litt fart.

- Det blei litt klager på det i starten, men etter kvart vende dei seg til det. Våre spelarar i alle fall, seier Teigen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gamalt gummigranulat klar til å fraktast vekk frå Fosshaugane

FEILVARE: 65 tonn harde gummikuler skal no sendast vekk frå Fosshaugane.

Foto: Arve Uglum / NRK

Avansert støvsugar

- No har me rett og slett støvsugd opp gummien. Me har brukt ei spesialmaskin som gjer at sanden i botnen blir liggande att. Og så har me lagt ein ny gummi som er mjukare og som held betre på vatn. Dei hadde trening i dag så då skal det blir spennande å høyra tilbakemeldingane, seier Teigen.

- Me har berre restitusjontrening etter kampen i helga så me har ikkje fått testa det skikkeleg, men no trur eg det er bra, seier Ørjan Hopen.