Hopp til innhold

No har Olsson verkeleg fått trua på ny kontrakt

Sogndal-trenar Jonas Olsson er stor optimist med tanke på vidare eliteseriespel for Sogndal etter fire poeng på dei to siste kampane.

Jonas Olsson

OPTIMIST: Jonas Olsson trur at gårsdagens innsats mot Hønefoss syner at Sogndal vil klare å halde seg i eliteserien.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I går kveld spelte Sogndal uavgjort 0-0 mot Hønefoss, og klatra opp til ein førebels sikker plass på tabellen. Rett nok berre eitt poeng føre konkurrentane Sandnes/Ulf og Fredrikstad.

– Eg synes vel at vi var litt nærare tre poeng enn det Hønefoss var. Samtidig inngår jo målvakta i laget, og han var fantastisk (Steve Clark). Vi skapte flest målsjanser og vi spelte veldig bra og taktisk rett forsvarsspel. Vi hadde ei haldning i laget som gav oss dette viktige poenget, seier Olsson til NRK.

Kvart poeng viktig

I dag møtes laget til restitusjonstrening på Fosshaugane, og Olsson skryt av gjengen som sikra uavgjort i den vanskelege bortekmapen.

– Eitt poeng er viktig, når vi skal oppsummere tabellen til slutt så er kvart poeng viktig. Det kan vere det poenget som er avgjerande. Vårt dilemma er jo at vi har teke poeng mot feil lag. Vi har teke sju poeng mot Molde og Tromsø og så har vi teke eitt poeng mot Sandnes/Ulf og Fredrikstad. Det er difor vi ligg der vi gjer, sler Olsson fast.

Sterke på heimebane

Komande helg er det Lillestrøm som kjem på besøk til Fosshaugane. Den kampen må Sogndal klare å vinne, meiner Olsson.

– På heimebane er vi sterke og no vann vi jo sist mot Tromsø, og gjorde ein veldig bra kamp mot Godset også. Vi gler oss til kampen mot Lillestrøm, og det kjennes ut som vi er på god veg framover.

Kenneth Udjus

HAR TRUA: Kenneth Udjus meiner at Sogndal no har synt at dei er gode nok til å overleve i eliteserien.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Gjer ein god jobb

Sogndal sin keeperhelt Kenneth Udjus tykte det var svært godt å få med seg eitt poeng frå Hønefoss, trass at Sogndal hadde dei største sjansane gjennom heile kampen.

– Når ting stemmer slik som i dag så er det veldig bra. Vi er nøydde til å vinne heimekampane våre framover, og så er vi nøydde til å ta poeng borte. Eg synes vi gjer ein god jobb i dag, vi ligg kompakt bak, seier Udjus.

Slik ser resten av sesongen ut for Sogndal:

7. oktober: Sogndal - Lillestrøm
21. oktober Viking - Sogndal
28. oktober Sogndal - Aalesund
4. november: Sogndal - Vålerenga
11. november: Stabæk- Sogndal
18. november: Sogndal- Brann