Hopp til innhold

Fannemel sette bakkerekord

Og enda på ein fjerdeplass i Austerrike søndag.

Anders Fannemel

FEKK FJERDEPLASS: Anders Fannemel klarte fjerdeplassen i Austerrike søndag. Han er nøgd med eigen innsats med hopp på 90 og 95 meter.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

- Sjølvtilliten er på plass og eg er i god form. Då er det kjekt å hoppe, seier Anders Fannemel.

Klarte 95,5 meter

Søndag sette han bakkerekord i Sommar Grand Prix skikhopping i Hinzenbach i Austerrike.

- Eg har ikkje ei veldig god forklaring på kvifor det klaffa slik i dag, men eg har gjort tekniske endringar i sitjestillinga i sesongoppkøyringa og det fungerer bra når eg får klaff på hoppkanten, fortel han.

Men trass i bakkerekorden på 95,5 meter vart det ikkje meir enn fjerdeplass for Honndølen.

For stilkarateren stod rett og slett ikkje i stil med lengda på hoppet.

I finalerunda vart det eit hopp på 90 meter.

Tett i toppen

Polske Maciej Kot gjekk ti topps i det nest site Grand Prix-rennet på plast i år. Han hadde 87,5 og 89 meter og fikk 230,1 poeng.

Tyske Severin Freund tok andreplassen med 227,3 poeng, medan japanaren Taku Takechi vart nummer tre.

Det skilte 4,6 poeng mellom Fannemel på fjerde- og Kot på førsteplass.

Bråthen imponert

- Det var imponerande av storbakkehopparen Fannemel i denne vesle bakken, kommenterte sportssjef Clas Brede Bråthen etter rennet søndag.

At han la bak seg mange av dei aller beste Austerrikarane på resultatlista gjer også godt.

- Det er kjekt å slå dei på deira eigen heimebane.

Til Tyskland

No reiser han vidare til Tyskland for nye hopp onsdag.

- Eg satsar på å bli blandt dei seks beste. Eg veit eg kan det, og då er det berre å gje alt.

Landslagssjef Alexander Stöckl er imponert over prestasjonane til 21-åringen.

- Anders har verkeleg imponert i haust, og denne helga gjorde han ein ny sterk konkurranse. Han har arbeidd hardt på trening og fått orden på teknikken, og det gjev resultat.