Hopp til innhold

Motorproblem for hurtigruta

Hurtigruta har berre ein motor i drift, og kom seg ikkje frå Florø natt til søndag.

Hurtigruten - MS Midnatsol og MS Polarlys i Harstad

GJEKK FOR HALV MASKIN: Hurtigruta gjekk for halv maskin frå Bergen, og ligg i Florø for å få reparere den øydelagde motoren.

Foto: Atle Markeng / NRK

- Feilen vart forsøkt ordna i Bergen, men dei klarte ikkje det heilt, seier kommunikasjonssjef i Hurtigruta AS, Ragnar Norum til firda.no .

Ligg framleis i Florø

Båten skulle lagt frå kaia i Florø kvart over to natt til søndag, men ligg framleis i kystbyen.

Det førte til fleire kanselleringar og endring i reiseplanar for mange.

Alle avgangane fram til Trondheim er kansellerte, og det betyr at folk i Måløy, på Torvik, i Ålesund, Molde og Kristiansund har måtte finne andre reisemåtar.

Reiser søndag ettermiddag

- Det går heilt fint å gå på ein motor, men dei ønskjer å ha begge motorane i orden når dei skal passere Stadt, seier Norum til avisa.

Etter planen skal motorproblema vere løyste søndag ettermiddag då delane kjem.