Hopp til innhold

Ho fann ikkje draumeprinsen, men turistane kom i hopetal

Solbjørg Kvålshaugen har opplevd eventyrleg vekst med overnattingsgjester på Fondsbu i år. Men kjærleiken har latt vente på seg.

Solbjørg Kvålshaugen

VENTAR FRAMLEIS: Solbjørg Kvålshaugen fekk ikkje napp på frieriet i Fjellfolk-serien på NRK1, men har fått nye overnattingsgjester i hopetal på turisthytta Fondsbu.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Sidan Fjellfolk-serien på NRK1 i vinter, har styrar Solbjørg Kvålshaugen merka stor pågang frå folk som ynskjer å overnatte på turisthytta hennar i Jotunheimen.

  • SJÅ:

– Per august hadde vi ein samla auke på 26 prosent, men auken var ikkje like stor i september. Snittet for sesongen blir truleg ein auke på kring 15 prosent, og kring 9.000 overnattingar totalt. Det er eit desidert toppår, fortel Kvålshaugen.

Omsetnadsrekord

Også i helga har det vore fullt hus på turisthytta på Eidsbugarden ved Bygdin. Fondsbu ligg 1.065 meter over havet, har 100 sengeplass og kan tilby turar til både dei topp- og brekunnige.

Fondsbu i Jotunheimen

PERLE: Mange kjem til Fondsbu for å ta del i dei mange turtilboda i området.

Foto: Gunnar Lier / Scanpix

Turisthytta har peika seg ut som den store vinnaren blant turisthyttene i Jotunheimen og Breheimen i sommar. Etter 11 år på Fondsbu, har ikkje styraren opplevd liknande.

– Det har vore ein kjempesesong så langt. Omsetnadsrekorden er slått for lenge sidan. Den var vel allereie slått per august, fortel Kvålshaugen som i neste veke stengjer turisthytta for sesongen.

Fjellfolk

– Det er ingen tvil om at eg har fått enorm draghjelp frå Fjellfolk. Dei har medverka sterkt til auken. Alle kommenterer og er så begeistra for serien når dei kjem, held Kvålshaugen fram.

Tala for turisthyttene i området svingar. Truleg har den dårlege sommaren medverka i negativ forstand. Til dømes opplevde Turisthytta Nørdstedalseter ein nedgang på nær 30 prosent i sommar.

– Auken er nok spesielt for Fondsbu, men også turisthytta i Rondane har hatt ein kjempesesong, seier Kvålshaugen.

Jaktar framleis mann

I serien Fjellfolk vart Kvålshaugen skildra som «varm, omsorgsfull og den perfekte vert». At det i serien vart lagt vekt på at Kvålshaugen var på jakt etter ein mann, trur ho sjølv har lite med den enorme populariteten til hytta.

– Nei, det trur eg ikkje. Og ikkje har det blitt noko mann heller, ler styraren ved Fondsbu.

– Så det har ikkje blitt nokon speeddating heller på Fondsbu i løpet av sommaren?

– Hehe, nei det har ikkje det. Berre jobbing, men det er heilt greitt. Det er ikkje slikt eg går rundt og tenkjer på. Alt som kjem i tillegg til det eg allereie har, er rein bonus.

Bestiller eitt år i førevegen

Haustferien på Austlandet ser ut til å gjere avslutningsveka på årets sesong hektisk. Til neste helg blir det sesongavslutning med bluesbandet The Huskies frå Årdal.

Oppturen i år ser ut til å halde fram til neste år.

– I år har eg måtte seie nei til utruleg mange som ville bestille. Eg har sagt dei må vere tidleg ute, og allereie no har eg byrja å få bestillingar til neste år. Eigentleg er det unormalt at folk er så ivrige å bestille helgeopphald eitt år i førevegen. Det har aldri skjedd før, men eg tek det som eit godt teikn, seier Kvålshaugen.

Vil halde fram

– Men som eg seier til personalet her, det viktigaste er å syte for at gjestene trivast, og det gjer dei. Med så mange nye gjester som vi har hatt i år, så håpar eg sjølvsagt på gjenkjøp, legg ho til.

– Og du kjem sjølvsagt til å halde fram på Fondsbu?

– Eg blir verande. Med mindre det kjem ein fantastisk draumeprins, riv meg vekk herifrå og lagar eit nytt draumetilvere for meg.

– Det hadde vore eit veldig bra alternativ, men eg trivst så godt her at eg per no ikkje ser føre meg noko anna, legg ho til.