Hopp til innhold

Skuffa Tenden trekkjer seg

Ei skuffa Borghild Tenden (61) trekkjer seg som Stortingskandidat for Akershus Venstre.

Borghild Tenden (V) fra Akershus

TREKKJER SEG: Borghild Tenden frå Stryn har i åtte år representert Akershus Venstre på Stortinget. No føler ho så lita støtte i lokallaga at ho trekkjer sitt kandidatur til neste stortingsval.

Foto: Espen Øyen / NRK

Borghild Tenden, som opphavleg er frå Stryn, har sete på Stortinget for Akershus sidan 2005.

Søndag varsla ho at ho trekkjer seg som kandidat til stortingsvalet neste haust.

– Det var viktig for meg å ha full støtte både i nominasjonskomiteen og blant lokallaga i Akershus for å gå inn i nok ein tøff valkamp. Det registrer eg at ikkje er tilfelle, seier Tenden til NTB.

– Feil med kritikk

Tenden utgjer halvparten av Venstre si stortingsgruppe etter siste stortingsval. Også Trine Skei Grande kom på tinget etter valet i 2009. Til NTB seier Tenden at det er krevjande og tøft å utgjere halvparten av ei tomannsgruppe som skal bygge opp att tilliten til partiet.

Enkelte lokallag i Akershus har siste tida kritisert Tenden for å vere lite synleg lokalt.

– Den kritikken tykkjer eg ikkje treff, tatt i betraktning den krevjande oppgåva det har vore å vere ein av partiets to representantar på Stortinget og i tillegg sitje i finanskomiteen, der det kanskje ikkje er like lett å vere synleg, seier 61-åringen til NTB.

Utfordrande og slitsamt

Fleire lokallag i Akershus ynskjer Abid Raja (36) på topp, og det har vore antyda at nominasjonen kunne ende med kampvotering mellom Raja og Tenden.

– Å representere Venstre sine veljarar på Stortinget i snart åtte år har vore ei ære. Det har vore utfordrande og i periodar slitsamt, men også motiverande å vere ein del av eit lag som har løfta Venstre etter valnederlaget i 2009, avsluttar Tenden til NTB.