Hopp til innhold

Ny suksess for kalkulert galskap

– Dette er kalkulert galskap, humrar «bartegeneral» Torstein Breivik etter den femte strake Oktoberfesten i Stryn.

Oktoberfestivalen i Stryn.

STAS: Oktoberfesten i Stryn er blitt ein samlingsstad for stryningar, så vel som mange tilreisande.

Foto: Arne Vik

Det som starta med ein gutetur til ølfesten i München for seks år sidan, har for alvor slått ut i full blomster i Stryn.

Fredag kveld var 1.400 innom festområdet til Oktoberfesten i Stryn. Laurdag kveld stogga det på 2.400.

– Det handlar om å ha det morosamt i saman, og å gjere noko bra for bygda, konstaterer Torstein Breivik.

– Det er tøft

Oktoberfestivalen i Stryn.

BONDEPIKER: Flott oppdressa kvinner og menn deltok på festen.

Foto: Arne Vik

Av desse var det 1.100 som hadde helgepass som gav inngang begge kveldane.

Og då paraden gjekk gjennom gatene, var det tettpakka av jublande og applauderande folk.

– Når eg står her på verandaen og ser nedpå teltet ... Det er tøft. Rett nok kostar det mykje pengar, men så er det frykteleg morosamt å arrangere. Det er jo blitt stryningane si store samlingshelg, seier «bartegeneral» Breivik og konstaterer at årets billettsal overgår fjorårets 2.700.

(Artikkelen held fram under videoen)

God stemning under Oktoberfesten i Stryn.

SJÅ VIDEO: God stemning under Oktoberfesten i Stryn.

Nok eit overskot

Oktoberfestivalen i Stryn.

STEMNING: Den gode stemninga frå paraden vart med ut i dei små nattetimar.

Foto: Arne Vik

Årets arrangement gir Stryn Ping Pong Club eit overskot, slik som tidlegare år. Kor stort budsjett «guteklubben» opererer med, vil ikkje Breivik seie.

– Men for oss er det ikkje så viktig å tene pengar, det viktigaste er å ikkje tape. Går slike «gutegjengting» i underskot, så går det ikkje, seier «bartegeneralen» etter nok ei helg med høg «ompa-ompa»-faktor, tyrolerhattar, lærshorts, bartar og bondepiker i Stryn.

Stussleg ordførarbart

Parade under Oktoberfestivalen i Stryn.

STUSSLEG: Ordførar Sven Flo fører an under paraden.

Foto: Arne Vik

Ordførar Sven Flo gjekk laurdag fremst under paraden.

Her såg han raskt at hans eigen bart vart sjanselaus i kåringa Årets Beste Bart.

– Nei, det var så utruleg mange staselege bartar. Mykje kreative løysingar som langt overgår min vesle stusslege bart. Folk har spara i mange månader og då blir min tre veker gamle bart alt for pistrete, lo han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ordførar Sven Flo gjekk først då Oktoberfestivalen i Stryn starta med parade gjennom gatene.

SJÅ VIDEO: Parade under Oktoberfesten.

Vart imponert

Etter å ha blitt nominert fram av fjorårets Oktoberpike Ina-Marie Ulvedal, gjekk barteprisen til Henrik Wemby. Årets Oktoberpike vart Line Bø.

Oktoberfestivalen i Stryn.

VANN: Line Bø vart Årets Oktoberpike, medan Henrik Wemby fekk pris for Årets Beste Bart.

Foto: Arne Vik

«Bartegeneral» Breivik konstaterer at det var mange imponerande bartar ute og gjekk i Stryn denne helga.

– Det var heilt vilt overraskande. Eigentleg med kostyme i det heile. Eg trur kring 80 prosent av dei som var inne fredag kveld var utkledde. Og av mennene hadde sikkert 60–70 prosent bartar, seier han.

– Det er jo meir uvanleg å sjå folk utan bart enn med bart, legg han til.

– Kalkulert galskap

Når også politiet gir arrangørane ros, kan ikkje arrangørstaben konkludere med noko anna enn at Oktoberfesten 2012 vart nok ein suksess.

– Og dette skjer i ei lite bygd, heilt inst i fjorden på Vestlandet. Dette er kalkulert galskap, ler Breivik.

Opphavet til festen, Ølfestivalen i München, vart første gang arrangert i 1810, og er i dag verdas største folkefest.

Det er duka for oktoberfest og bartekonkurranse i Stryn denne helga.

MUSIKK: Ompamusikk sette allereie på dagtid fredag stemning på Stryn sentrum.