Hopp til innhold

150 bilførarar måtte blåse

På under eitt døgn er 150 bilførarar kontrollerte av politiet. Så godt som samtlege hadde alt i orden.

Om ein ser vekk frå Utrykningspolitiet sin «fangst» i Nordfjord siste døgnet , er mann i 20-åra utan gyldig førarkort i Førde det einaste negative som kom ut av politiet sine trafikkontrollar.

Det byrja så smått laurdag ettermiddag ved Moskog i Førde, der det ikkje vanka nokon reaksjonar mot dei 19 kontrollerte bilførarane.

Det same kan også seiast om dei 20 kontrollane bilførarane på E39 ved Byrkjelo i Gloppen og 22 kontrollerte bilførarane på riksveg 55 mellom Høyanger og Kyrkjebø natt til søndag.

Den desidert største kontrollen fann stad i Førde kring midnatt. Her måtte 78 bilførarar blåse, og vise dokument på at alt var i skjønnaste orden. Med unntak av ein mann i 20-åra hadde altså alle alt på stell.