Hopp til innhold

Spelar om opprykk sju år etter

Kaupanger-damene er klar for opprykksspel etter at dei laurdag vann 4–2 over Haugar i seriefinalen.

Kaupanger-jentene jublar for mål mot Førde.

OPPRYKK: Etter tre andreplassar på rad, er Kaupanger sitt damelag seriemeistrar og klar for spel om opprykk til 1. divisjon. Bilete er frå ein kamp mot Førde tidlegare i år.

Foto: Sondre Dalaker

Kaptein Stine Hovland sette spikaren i kista då ho kring 20 minuttar før slutt stanga inn den siste scoringa i kampen.

Åse Neraas

MÅL: Åse Neraas noterte seg for eitt mål mot Haugar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Då hadde allereie Åse Neraas, Martine Wolff Nesse og Vårin Ness notert seg for scoringar for Kaupanger. Ved pause stod det 2–2.

– Det smakte ufatteleg godt. Ikkje minst å få sikra dette på heimebane. Vi ventar oss ein tøff bortekamp mot Førde neste helg, så det er godt å få det avgjort no, seier Hovland.

– Fullt fortent

Årets sesong har fortona seg mykje på same måten som i 2010, då Avaldsnes på tampen av sesongen fekk det eine poenget dei trengde for å halde Kaupanger bak seg. Før dagens kamp skilde det eitt poeng mellom sognejentene og Haugar.

Med sigeren er avstanden no fire poeng, og det er berre ein kamp att.

– Det var fullt fortent. Eg føler sjølv at vi er det beste laget utpå der. Vi har ro, spelar god fotball og skapar fleire sjansar enn Haugar, seier Hovland.

Rykte ned i 2005

Kaupanger har tre år på rad enda på andreplass. Kaptein Hovland har vore med på to av desse. Ho var ikkje med i 2009 då det skilde to poeng til Sola. I fjor vann Åsane med god margin.

Sju år etter nedrykket frå 1. divisjon, er altså Kaupanger i posisjon til å knive om retur til den nest øvste divisjonen. Hovland seier at det også er målet.

– Vi har alltid hatt som mål å vinne serien, og då får du gulrota i form av spel om opprykk. Etter to andreplassar på rad no, så er det på tide å vinne, seier ho.

– Må vere 100 prosent

Det er førebels uvisst kven som blir motstandar i opprykkskvalifiseringa.

Det spelar heller ikkje så stor rolle for seriemeistrane til Kaupanger.

– Eg føler at slik som vi spelte i dag, så er det store sjansar for å rykkje opp. Men det blir tøffe kampar, og vi må levere 100 prosent i alle kampane, seier Hovland.