Hopp til innhold

100 arbeidsplassar borte på ein månad

– Det er svært tøft for dei det gjeld, og for Årdal som industristad, seier varaordførar Marie-Helene Bransdal.

Årdalstangen

TØFT: Med 100 arbeidsplassar borte på vel ein månad, er det ei tøff tid for årdalssamfunnet.

Foto: Atle Romøren

Fredag vart det kjent at Solenergiselskapet NorSun kuttar 33 arbeidsplassar i industrikommunen.

Det kjem på toppen av Hydro som for vel ein månad sidan bestemte seg for å kutte 53 arbeidsplassar.

– Det er klart at det opplevast som tøft. Det er tøffe tider i Årdal, og vi har utfordringar framføre oss, seier varaordførar Marie-Helene Bransdal.

Vil sikre arbeidsplassar

NorSun opplever ein vanskeleg marknadssituasjon, noko som også er årsaka til at dei no reduserer arbeidsstokken ved fabrikken i Årdal til 178. Konsernet håpar på denne måten å sikre arbeidsplassane som er att.

Tidlegare i haust fekk også 90 tilsette ved fabrikken permitteringsvarsel.

– Vi kan ikkje leve med det høge kostnivået som vi har, vi kan ikkje påverke korleis marknaden utviklar seg vidare. Det einaste vi kan gjere er å tilpasse oss marknaden så godt vi berre kan, sa administrerande direktør, Bjørn-Olav Brelin til NRK.no.

Tyngste på fleire tiår

Etter at Hydro fatta sitt vedtak i midten av august, skildra leiar i Årdal Arbeidarparti, Hilmar Høl, tida som den tyngste i Årdal på fleire tiår.

– Før eller seinare vil det roe seg ned, og Årdal har framleis ei framtid med den industrien og dei rammevilkåra vi har. Vi jobbar vidare med dei sakene vi har, og så må vi få opp att gløden og optimismen, men akkurat no er det tungt i Årdal, sa han.

– Kan ikkje grave oss ned

Denne optimismen ynskjer varaordføraren å halde fast ved.

– Eg er oppteken av at vi ikkje må grave oss ned. Det kjem det ikkje noko godt ut av. Vi må stå saman og tenkje positivt framover, og gå i dialog med dei som kan hjelpe oss og tenkje sjølv, seier ho og vedgår at det ikkje blir «berre berre» å erstatte dei kring 100 arbeidsplassane som har forsvunne på vel ein månad.

– Næringsapparatet i Årdal jobbar aktivt med å skape nye arbeidsplassar, og vi jobbar aktivt for at Hydro skal modernisere i Årdal. Vi er også med i omstillingsprosjekt med Lærdal kommune. Framover må vi i endå sterkare grad tenkje felles bu- og arbeidsområde, seier Bransdal.