Hopp til innhold

– Synd at Hollevik trekkjer seg

Partileiar lokalt, Vidar Grønnevik, tykkjer det er synd at Hollevik vel å trekkje seg som gruppeleiar.

Bjørn Hollevik

TREKKJER SEG: Bjørn Hollevik trekkjer seg som gruppeleiar i Flora Høgre. – Det er synd, meiner lokallagsleiar Vidar Grønnevik.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vidar Grønnevik meiner det ikkje er noko samanheng mellom den jobben Hollevik har gjort som gruppeleiar og det at partilaget lokalt ikkje fann plass til han på sitt framlegg til stortingsvalliste.

– Eg tykkjer han har gjort ein god jobb som gruppeleiar, det har fungert greitt sett frå min ståstad, så eg tykkjer det er synd at han har sett seg nøydd til å trekkje seg, seier han.

Problematisk bakteppe

Grønnevik seier han tek til etterretning at Hollevik tolkar det som mistillit å ikkje bli nominert til stortingslista av lokallaget.

Nominasjonsnemnda gjekk torsdag for Bjørn Lødemel og Bjørn Hollevik som dei to øvste namna på lista til stortingsvalet neste haust.

Det er ikkje første gong det er intern strid i Flora Høgre. Også frå 2007 til 2009 var lokallaget prega av intern uro.

– Eg har registrert at det er ei viss historie ute og går, seier han og trur at dei stadige stridane er problematisk bakteppe for partiet.

Intern dialog

– Kva vil du som partileiar prøve å gjere for å endre den kulturen?

– Eg kan ikkje seie noko annan enn at dersom ein ikkje får til ein kultur der ein tek dialogen internt, og prøver å løyse det som skal løysast internt, så trur eg ikkje det blir ro.

– Skal ein absolutt ha alt ut i det eksterne rommet for å løyse det der, så vil det stå fram som om det er støy også framover. Men det avheng av enkeltaktørane sin måte å handtere utfordringar på, avsluttar Grønnevik.