Hopp til innhold

Jobbar vidare med interessante vitneobservasjonar etter svindel

Politiet har førebels ingen avgjerande spor etter skimmingsvindelen på bensinstasjonane i Gaupne og Vadheim.

Gaupne bilsenter

SKIMMING: Her på Gaupne bilsenter i Luster vart minst 18 bankkort kopiert. Seinare opplevde korteigarane at det vart tappa pengar frå kontoen deira.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Med berre nokre dagar mellomrom skal det som truleg er omreisande kriminelle ha montert opp skimmingutstyr på bensinstasjonar i Gaupne og Vadheim.

Dette utstyret har kopiert bankkort som har blitt nytta i betalingsterminalen, og seinare har rundt 20 personar opplevd at korta deira har blitt tappa for pengar.

I Vadheim var det snakk om 18 personar som hadde fått tappa til saman 100.000 kroner.

Ventar på svar på tekniske spor

Politiet i Luster og i Høyanger etterforskar sakene, men dette har førebels ikkje ført til gjennombrot. Politibetjent Svein Inge Harberg ved Gaupne lensmannskontor seier til NRK.no at dei har eit tett samarbeid med politiet ved dei andre kontora som har opplevd slike saker.

Før skimmingsvindelen i Vadheim og Gaupne var det også to slike tilfelle i Lindås i Hordaland.

Harberg seier dei framleis har god tru på at dei skal klare å finne ut kven som står bak, spesielt viss kjeltringane held fram med denne typen svindel andre stader.

– Vi har tekniske spor, og desse ventar vi svar på, seier Harberg til NRK.no.

– Interessante vitneobservasjonar

Politiet har også sikra seg overvakingsbilete frå området rundt bensinstasjonen i Gaupne, men ifølgje Harberg har desse ikkje ført til noko gjennombrot i saka.

Harberg vil ikkje seie at dei står utan spor i saka.

– Vi har jo interessante vitneobservasjonar ifrå Gaupne den helga. Vi kan ikkje seie hundre prosent om dei kan knytast opp mot gjerninga, men det er personar som vi prøver å finne ut kven er, seier Harberg.

Då NRK snakka med lensmann i Balestrand og Høyanger, Atle Førde, sist veke sa han at dei ikkje visste noko meir om kven som stod bak.

Både lokale bankar og politi ser tendensane til at det blir meir skimmingsvindel på våre kantar. Signe Grotle i Sparebanken Sogn og Fjordane seier dei ser at kjeltringane har flytta seg frå aust til vest.