Hopp til innhold

Brekke innfører krav om responstid

Politimeisteren i Sogn og Fjordane har no bestemt seg – frå nyttår blir det innført krav om responstid.

Johan Brekke

INNFØRER KRAV: Allereie frå nyttår vil politimeisteren i Sogn og Fjordane stille krav til kor lang tid patruljane kan bruke på utrykningar.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Allereie frå nyttår skal politiet i fjordfylket ha krav om kor lang tid dei kan bruke på å rykkje ut, skriv Bergens Tidende.

I etterkant av 22. juli-kommisjonen sin rapport har nettopp krav om maksimal utrykkingstid for politiet vore eitt heitt tema i etaten. Ein av hovudkonklusjonane i rapporten var at det bør stillast krav til kor lang tid politiet kan bruke på utrykkingar, og i Sogn og Fjordane har politimeisteren no teke kommisjonen på ordet.

– Vi forstår at det er viktig for folk at når dei har behov for politiet, så kan dei ha ei forventning om kor tid politiet kjem til staden, seier Brekke til NRK.no fredag.

Har målt responstida i ein månad

Politimeisteren har lenge vore klar over at enkelte utrykkingar i Sogn og Fjordane har teke svært lang tid, men har til no ikkje kunne lese dette konkret ut av sine eigne statistikkar.

Fylkesleiaren i Politiets Fellesforbund, Kjetil Drange, er blant dei som meiner at dagens situasjon ikkje er tilfredsstillande.

– Eg trur responstid kan vere med på å avdekke dagens situasjon, og kor lite, etter mitt syn, tilfredsstillande den er, sa Drange til NRK.no i august.

Sist helg brukte til dømes politiet 80 minutt på å rykkje ut til ei trafikkulukke i Aurland.

For å finne ut meir om kor lang tid politiet faktisk bruker på utrykkingane har politiet i Sogn og Fjordane den siste tida målt responstida.

– Vi skal måle tida frå vi får melding til vi er framme, og bruke det vi finn, i forhold til tiltak vi må gjere, sa Brekke til NRK.no i slutten av august.

Må finne ut kva som er realistisk

No skal politiet sjå på desse resultata for å finne ut kva krav dei skal stille til seg sjølve, førebels er dette ikkje bestemt.

– Først skal vi gå gjennom resultata, og sjå desse opp mot kva som er realistisk å få til med dei ressursane vi har, seier Brekke til Bergens Tidende.

Politiinspektør Ronny Iden som i august fungerte som politimeister, sa då at han var samd om kravet om responstid for politiet. Samtidig var han klar på at det måtte leggjast til rette for eit slikt krav, altså at politiet måtte ha meir mannskap.

– Vi er positive til at vi får eit krav til oss som er knytt til responstid, og så får vi sjå kva oppfølging det for. Det er meiningslaust å få eit responstidskrav som vi ikkje kan makte å overhalde, sa Iden til NRK.no for litt over ein månad sidan.

Brukar rundt ein halvtime i snitt på utrykkingar

Arbeidet med å måle responstida er enno ikkje heilt ferdig, men Brekke fortel at det likevel har teikna seg eit bilete av korleis politiet ligg an.

– Slik det ser ut så langt så ligg snittida på utrykking i underkant av ein halv time, 27 minutt om eg hugsar rett, seier politimeisteren.

– Er du nøgd med det?

– Slik fylket er, stor geografisk, vanskeleg kommunikasjon og for få politifolk, så er det ikkje sikkert at det er så ille, svarar Brekke.

Detaljane rundt eit endeleg krav om responstid vil vere klare til nyttår seier Brekke.

– Vi har teke avgjerda på at dette er nok vi har lyst på. Vi vil ha noko å strekkje oss mot.