Hopp til innhold

UP gjorde torsdagen ekstra tung for Brann-supporterar

Utrykningspatruljen i Nordfjord tok torsdag tre nye førarkort under ein trafikkontroll på E39 i Gloppen. To av dei var tilhøyrande brannsupportarar på veg til semifinalen i fotball-NM.

NRK.no fortalde onsdag at Utrykningspolitiet i fylket har teke tre gonger så mange førarkort som på same tid i fjor.

Torsdag heldt fangsten fram under ein fartskontroll i 60-sona ved Byrkjelo. Og mange av dei som vart vinka inn, var bergensarar på veg til semifinalen mot Hødd.

– Eg forstår det om nokon av dei føler at dagen ikkje har vore heilt topp, seier Bjarte Aasen til NRK.no.

Tre mista førarkortet

For to av dei tre beslaglagde førarkorta, tilhøyrde Brann-supportarar på veg nordover for å følgje laget i semifinalen mot Hødd. Den tredje var ein polsk statsborgar. Høgste målte fart var 89 km/t.

I tillegg hadde mange av 24 som fekk forenkla førelegg effektar som skulle tilseie at dei var i same ærend. To førarar fekk også gebyr for ikkje å ha med seg førarkort.

– Ein god del av dei vi stogga var bergensarar på veg til semifinalen, stadfestar Aasen til NRK.no.

Tung retur

Brann tapte semifinalen mot Eirik Sandal & co, og med fartskontrollen i Gloppen friskt i minne blir det truleg ein særskilt tung retur til Bergen for ein del av supporterane.

– Ein var endåtil så optimistisk at han tippa 3-1 til Brann, seier Aasen. Supporteren trefte no i det minste rette sluttresultat.

Den nyoppretta nordfjordpatruljen er dermed oppe i 43 beslaglagde førarkort så langt i år.