Hopp til innhold

Nordfjording klar for cupfinalen

Erik Sandal (29) frå Vågsøy er klar for cupfinalen i fotball etter at Brann vart slått 3–1 på Høddvoll i dag.

Erik Sandal (i midten) kan juble over cupfinaleplass.

JUBEL: Hødd og Eirik Sandal kunne sleppe jubelen laus etter å ha detonert nok ei cupbombe i semifinalen mot Brann.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Eliteserielaget Brann tok leiinga 1–0 ved Zsolt Korcsmar, men heimelaget snudde oppgjeret til sin fordel etter scoringar ved Fredrik Aursnes, Pål Andre Helland og Kjell Rune Sellin.

1. divisjonslaget Hødd møter Tromsø til cupfinalen på Ullevaal Stadion 25. november. Dette er Ulsteinvik-laget sin første cupfinale.

– Det er utan tvil det største eg har opplevd som fotballspelar. Å komme til cupfinalen med Hødd hadde nok ingen tru på, jublar Erik Sandal.

For tredje gong

Frå sin posisjon på sentral midtbane har 29-åringen frå Deknepollen levert ein ny stor sesong for sunnmørslaget. I haust blir han einaste representant frå Sogn og Fjordane når Tromsø og Hødd møtes til cupfinale på Ullevaal.

Erik Sandal mot Brann

FINALEKLAR: Erik Sandal og Hødd trekte det lengste strået i semifinalen mot Brann.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Det hadde ikkje 29-åringen tru på då NRK.no snakka med han etter 3-0 sigeren mot Tornado Måløy i årets første runde . Både i 2009 og 2011 tapte vågsøylaget for ein av cupfinalistane.

– Hehe ... Det finst statistikkar for det meste, men eg trur ikkje vi skal legge fokuset vårt der. Sjølv om cup er cup, sa Sandal og la til følgjande om ynsket for motstandar i andre runde:

Fekk møte Brann

– Brann på Høddvoll hadde vore bra. Det er eit eliteserielag eg ikkje har møtt.

Og Brann skulle komme til Høddvoll, men då først i semifinalen. Då hadde sunnmørslaget allereie slått ut Arna Bjørnar (1-0), Sarpsborg 08 (2-1 eeo.), Asker (7-0) og Haugesund (2-2, 7–6 på straffe).

– Det gjorde ikkje noko å få Brann på Høddvoll. Det vart ganske så fortent til slutt, seier Sandal.

– Ganske spesielt

Og for tredje gong var det altså ein av cupfinalistane som slo ut 3. divisjonslaget Tornado Måløy.

– Statistikken kan brukast til ganske mykje, men av og til er det rett. Det er ganske spesielt rett og slett. Heilt utruleg, humrar 29-åringen frå Vågsøy.

I serien slit sunnmørsklubben med nedrykksspøkjelset hengande over seg. I cupen har dei slått ut eliteserielaga Haugesund og Brann.

Sterk moral

Samt divisjonskollega Sarpsborg 08 som jaktar snarleg retur til Eliteserien.

– Vi prøver å spele fotball, kjem fort under men klarer å snu det. Det viser moralen i laget og ikkje minst toppnivået til dette laget. Vi har eit ungt lag og eitt utruleg potensial i laget. Men vi må først og fremst berge plassen no, så kan vi verkeleg nyte cupfinalen, seier Sandal.

– Dette er stort

Hødd og Brann stod med kvart sitt mål til kvilen, men dei siste 45 minuttane stod etter kvart 1. divisjonslaget fram som kvassaste laget.

På veg til spelarmøte etter cupbragda, har Sandal store problem med å setje ord på gleda etter kampslutt.

– Det var ein stor gledesrus, og noko vi verkeleg nytte. Det går rett og slett ikkje an å skildre den augneblinken. Det er stort for oss fotballspelarar, seier han.

Fokus mot serien

Sandal er rask med å spore tankane inn på det som for Hødd blir haustens viktigaste oppgåve. Nemleg å berge plassen i 1. divisjon. Så får Tromsø og cupfinalen 25. november komme i andre rekke.

Hødd og Strømmen har begge 25 poeng, men målskilnaden gjer at det er sistnemnde som ligg under nedrykksstreken.

– No skal vi nyte dagen i dag og morgondagen, og så byrje å fokusere inn mot serien. Så skal vi berge plassen, før vi kan snakke cupfinale, seier han.

– Blir det så lett å få cupen ut av systemet etter ei slik oppleving?

– Det står att å sjå. Eg håpar vi legg den ifrå oss, og konsentrerer oss om serien, avsluttar han.