Hopp til innhold

Barnekranglar hamnar i retten

Stadig fleire foreldre slit med å bli samde om samværsordningar etter at dei har skilt lag. No hamnar fleire slike saker for retten.

Terje Mowatt

BARNEKRANGLAR: Sorenskrivar Terje Mowatt ved Fjordane tingrett får stadig fleire barnefordelingssaker på bordet sitt.

Foto: NRK

Stadig fleire barnefordelingssaker hamnar i retten her i fylket. Fjordane tingrett er ein av to domstolar i fylket, og berre her har talet dei seinare åra gått frå rundt 30 i året til 53 i 2011.

Familiekontora i Sogn og Fjordane opplever stor pågang av familiar som er i oppløysing. Oftare enn før må dei no prøve å få foreldre som går frå kvarandre til å samarbeide om korleis dei skal dele tida med felles born.

Men ikkje alle sakene let seg løyse hos familiekontora. Då hamnar sakene mellom anna på bordet til sorenskrivar Terje Mowatt ved Fjordane tingrett.

– Sakene er ulike. Mange av sakene er veldig krevjande, og dei klarar vi ikkje å finne løysingar på, seier Mowatt.

Han seier at nokre saker endar med dom, og at nokre blir anka og kjem attende til rettsapparatet.

Fleire saker over heile fylket

Fleire familiar enn før ber om hjelp ved familiekontora. Berre i Nordfjord har talet auka frå 57 saker i oppstartsåret 1992, til heile 317 saker i fjor.

Leiar Liv Sæbø ved Familiekontora i Sunnfjord og Sogn seier at trenden er den same i resten av fylket.

– Det er slik at vi dei siste åra har hatt ei jamn auke i tal saker. Vi ser også at vi jobbar veldig mykje med foreldresamarbeid, der foreldre har separert seg eller flyttar frå kvarandre, seier Sæbø til NRK.no.

Grunnen til at fleire familiar i oppløysing tek kontakt meiner Sæbø er samansett. Det at det blir fleire som går får kvarandre er ein ting, men no er det også slik at alle foreldre som har barn under 16 år når dei går frå kvarandre må møte til samtalar.

Uroa over dei mange konfliktane

Toril Taklo ved Familiekontoret i Nordfjord seier det dessverre er mange par som ikkje greier å samarbeide.

– Det uroar meg. Ein veit ut frå forsking at dei barna som opplever konflikt mellom foreldre er dei barna som får det vanskeleg etter ei skilsmisse, seier Taklo til NRK.no.

Taklo seier samtidig at det er bra at foreldra kjem til kontoret for å prøve å få til gode samværsavtalar for borna sine. Dei tilsette ved kontora gjer det dei kan for å prøve å få til ordningar som foreldra kan bli samde om.

– Når foreldre går frå kvarandre er dei fleste ansvarlege og finn gode løysingar.

– Eit fåtal let kanskje bitterheit over samlivsbrotet gå utover barna, og når det skjer så er det skadeleg for barna, seier Taklo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Barnehage

MOR OG FAR: Når mor og far flyttar frå kvarandre er det ikkje alltid like enkelt å bli samde om kor mykje barna skal vere med kvar av dei.

Foto: NRK

Veit ikkje kvifor

Ho seier dei prøver å gjere det beste for barna og at det er viktig å prøve å få foreldra til å ha fokus på samarbeid og ikkje på samlivsbrotet.

Likevel er det altså ein del som ikkje klarar å bli einige i løpet av samtalane hos Familiekontoret. Taklo har ikkje noko god forklaring på kvifor fleire barnefordelingssaker no hamnar i rettssystemet.

– Vi har undra oss over dette, seier ho og seier dei seinare i haust vil ha eit møte med tingretten for å prøve å finne ut meir.

Barna sitt beste er det viktigaste

Terje Mowatt som er sorenskrivar ved Fjordane tingrett seier talet på saker har auka betydeleg. Talet har altså gått frå rundt 30 saker til 53 i fjor, og auken har også heldt fram i år, seier han.

Mowatt seier retten alltid peikar ut ein sakkunnig med barnefagleg kompetanse i desse sakene.

– Dei reiser ut og snakkar med partane, og barn over sju år.

Han seier det viktigaste for retten er barna sitt beste, og at sakene som regel blir klare for retten i løpet av ein månad. Aller helst skulle han ha sett at sakene løyste seg før det gjekk så langt.

– Sakene bør løysast fortast mogleg, seier Mowatt.

– Rett å bruke ressursar på dette

At det blir fleire saker som hamnar for retten betyr også betydelege kostnader for samfunnet. Men det er underordna for Mowatt.

– Eg er ikkje interessert i kva det kostar, det er barn det handlar om. Vi skal bruke dei ressursane som er nødvendige for å ta hand om dei best mogleg, seier sorenskrivaren og legg til:

– Når vi brukar dei ressursane så er det ein del saker som blir løyste med mindre konfliktar, og det er eit gode for barna.