Hopp til innhold

Fleire saker pressar fram løysing for overgrepssmottak

Innan 1. mai neste år må ein endeleg plan for eit overgrepsmottak i Sogn og Fjordane vere på plass. Presset på det midlertidige mottaket vert større og større.

Helge Ulvestad

SER EIN VEKST: Helge Ulvestad meiner at det er tvingande naudsynt å få på plass ei varig løysing for overgrepsmottak.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

På eit kontor i akuttmottaket ved sentralsjukehuset i Førde sit dagleg leiar for legevakta, Helge Ulvestad, og registrerer at stadig fleire kvinner søkjer hjelp etter overgrep.

– Statistikk frå tidlegare år er at har hatt frå 10 til 18 tilfeller per år. Så langt frå 1. mai når vi overtok overgrepsmottaket så har vi hatt ni tilfeller. Men det har i alle fall vist at det er eit behov for overgrepsmottaket, så får vi sjå vidare om det faktisk er ein vekst i talet på saker, seier Ulvestad.

Det var avisa Firda som torsdag meldte om den negative utviklinga i talet på overgrepssaker.

Midlertidige løysingar

Kommunane har no fått ein frist til 1. mai neste år med å sørge for at det kjem eit ordentlig overgrepsmottak på plass her i fylket. I mange år har ein levd på midlertidige løysingar.

– Per no så driv vi eit mellombels overgrepsmottak der vi eigentleg har vidareført den funksjonen ein hadde ved gynekologisk avdeling på sentralsjukehuset. Det vil seie eit tilbod i høve seksuell vald mot kvinner, fortel Ulvestad.

– Kan ikkje leve med

Han vonar på det sterkaste at kommunane i Sogn og Fjordane no tek utfordringa med å få etablert ei varig ordning på alvor.

– Om vi ikkje får gjort det innan 1. mai 2013 så vil Sogn og Fjordane vere det einaste fylket i landet som ikkje har eit tilbod i desse situasjonane. Det er jo ein ting vi eigentleg ikkje kan leve med, sler Ulvestad fast.

(Artikkelen held fram under biletet)

overgrepsmottaket i Ålesund

VARIG LØYSING: Slik ser det ut på overgrepsmottaket ved sjukehusert i Ålesund. Innan 1. mai neste år må Sogn og Fjordane ha ein plan for sitt varige mottak.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

– Ser behovet

Det er kommunane sin interesseorganisasjon KS i Sogn og Fjordane som har teke denne saka vidare og sendt den ut til kommunane.

– Så langt har så godt som alle kommunane gått inn for det mellombelse overgrepsmottaket. Det tek vi som eit signal på at ein ser behovet og alvoret i det å ikkje ha eit overgrepsmottak. Det synes eg er positivt, seier Ulvestad.

Tek det på alvor

Fylkesvaraordførar Jenny Følling er og leiar for KS i Sogn og Fjordane, og støttar Ulvestad sitt syn at det er svært viktig å få gjennomført etableringa av eit skikkeleg overgrepsmottak.

Jenny Følling, fylkesvaraordførar

TEK PÅ ALVOR: KS-leiar Jenny Følling forventar at kommunane stiller seg bak etableringa av eit nytt overgrepsmottak.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Mitt inntrykk er at at kommunane no tek dette på alvor. Slik eg ser det er det ingen veg utanom no å få etablert overgrepsmottaket, seier Følling og syner til at veksten i talet på saker gjer det enda viktigare å halde tidsfristen til 1. mai 2013.

Opp til politikarane

Planen er at eit nytt overgrepsmottak frå neste år vil ha base på Førde sentralsjukehus, og at folk som vert utsette for overgrep og vald i nære relasjonar lett skal kunne kome i kontakt med mottaket.

– Regjeringa har i sin plan i høve vald i nære relasjonar ei klar føring på at kvart fylke må ha eit overgrepsmottak, og det er og ei føring på at det bør leggast til eit av legevaktsamarbeida i fylket, konkluderer Ulvestad.