Hopp til innhold

To nye innbrot i Gloppen

I løpet av natta har to bedrifter i Gloppen hatt ubedne gjester på besøk. Det er berre to netter sidan det sist vart gjort fleire innbrot i Nordfjord.

Politiet har dei siste timane fått inn to meldingar om innbrot i Gloppen. Like over klokka 03 i natt gjekk alarmen på eit byggevarehus i Gloppen. Grytidleg torsdag morgon kom meldinga om innbrotet i ein Jokerbutikk i Hyen.

Ifølgje operasjonssentralen til politiet er det førebels for tidleg å seie noko om kor vidt det er samanheng mellom dei to sakene.

Politiet har allereie gjort åstadsgranskingar på byggevarehuset på Sandane, medan dei vil vere på plass på Jokerbutikken i løpet av morgonen.

Dersom du har tips i saka ber politiet deg om å ta kontakt på telefon 02800.

Braut seg inn dør

På Sandane skal tjuven eller tjuvane ha brote seg inn ei dør. Då Securitasvakta kom til staden var det ingen å sjå.

Politiet har vore på staden og gjort førebelse undersøkingar og sikra åstaden.

Dei vil halde fram arbeidet når det blir lyst og innehavaren kan vere med å gå gjennom butikken. Førebels er det usikkert om noko er vekke frå staden.

Stal tobakk i Hyen

Klokka 06.18 fekk politiet melding om nok eit innbrot i Gloppen. Denne gangen var det innehavaren på Jokerbutikken i Hyen som meldte frå om at nokon hadde vore på besøk i løpet av natta. Korleis tjuven eller tjuvane har teke seg inn veit ikkje politiet enno.

Det er vekke både tobakksvarer, vekslepengar og truleg nokre alkoholhaldige varer. Fullstendig oversikt over kva som er vekke har ein ikkje tidleg torsdag morgon.

Politiet vil undersøke åstaden nærare i løpet av torsdag morgon og føremiddag.

Blir etterforska

Politibetjent Roar Bø ved Gloppen lensmannskontor seier torsdag føremiddag til NRK.no at dei har gjort åstadsundersøkingar på begge plassane.

Begge stader har den eller dei som står bak brote seg inn hovuddøra.

På byggevarehuset på Sandane har tjuven eller tjuvane truleg blitt skremde av alarmen fortel politiet. Her er det førebels ikkje noko som er vekke.

Innbrotsraid tidlegare i veka

Natt til tysdag denne veka var det innbrot på fire forskjellige adresser i Gloppen og Eid. Politiet har etterlyst tips etter at ein eller fleire tjuvar tok seg inn på Antonsens Jernvarer, Nordrikk og Statens vegvesen på Eid. Same natta var det innbrot hos ein gullsmed på Sandane.

Kor vidt det er samanheng mellom innbrota i natt og dei tidlegare i veka kan politiet ikkje seie noko om.

– Dette er opplysningar vi tek med oss vidare i etterforskinga, seier operasjonsleiaren ved Sogn og Fjordane politidistrikt.