Hopp til innhold

Veit ikkje kor tid ferja er i drift

Ferjesambandet Kjelkenes-Smørhamn i Bremanger er torsdag morgon innstilt.

Kjelkenes ferjekai

UTE AV DRIFT: Ferja på sambandet Kjelkenes-Smørhamn er torsdag morgon ute av drift.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fjord1 melder torsdag morgon at dei har problem med ferja som går på sambandet Kjelkenes-Smørhamn på fylkesveg 616 i Bremanger.

Det skal vere snakk om tekniske problem og ferja må på verkstad før den kan setjast inn att på sambandet. Passasjertrafikken skal gå som normalt, melder Vegtrafikksentralen.

NRK får klokka 06.30 opplyst av Fjord1 at det er uvisst kor tid ferjesambandet er oppe å gå igjen.

Vegtrafikksentralen melder torsdag morgon at det er bart og fint på alle fjellovergangane i fylket. Onsdag morgon var det snø på fleire av fjella og ein lastebilsjåfør på veg over Sognefjellet møtte på så glatt veg at han ikkje torde seg ned bakkane.