Hopp til innhold

Geir måtte parkere bilen, då kom tjuvane og stjal hjula!

Geir Nybø ante fred og ingen fare då han måtte parkere den nye bilen sin etter ein motorstopp. Sjokket var stort då han fekk telefon om at nokon hadde skrudd av hjula og stole dei!

Bil utan hjul

HJULSJOKK: Geir Nybø vart overraska då han fekk meldinga om at nokon hadde stole hjula på bilen hans.

Foto: Bremanger budstikke

Redaktøren i den ultralokale avisa Bremanger Budstikke hadde lenge gått og tenkt på å bytte ut den gamle rustholken med ein noko nyare bil. Bil vart det, ein 1994-modell Toyota Camry, og han skulle køyre den til EU-godkjenning.

– På veg til verkstaden fekk eg motorstopp, men heldigvis fekk eg då lov å parkere bilen av ein grunneigar like ved Eikelandstunnelen utanfor Svelgen. Så stod bilen der godt to veker, eg hadde mykje å gjere og tenkte å ta meg av bilen etterkvart, fortel Nybø.

Men brått ein dag forrige veke ringte sonen til grunneigaren der bilen stod parkert.

– Han lurte på om eg hadde og henta dekka. Eg trudde først han meinte dei vinterdekka som stod inne i bagasjerommet, men det synte seg jo då at dei hadde skrudd av hjula som stod på bilen!

Nybø veldig overraska då eg forstod at både dekk og felg rett og slett var borte vekk...

– Ein Toyota Camry på buken er jo ikkje så veldig morsomt. Eg må jo få den opp att, slik at eg kan få på nokre andre hjul slik at eg kan få den til å rulle igjen. Den går jo så dårleg på buken utan hjul.

– Men kven trur du står bak dette?

– Det veit eg ikkje, men vi hadde heldigvis nokre bilete av felgane, så vi prøver jo no liksom å spreie dette litt rundt om nokon har sett noko. Nesten slik at vi skulle reist rundt og hengt opp plakat på pålar med ”kven har sett dekka mine?”, slik som du ser på TV at dei leitar etter kattar.