Hopp til innhold

Har svært gode resultat i behandling av sjølvskading

Ein amerikansk terapiform syner seg å gje svært gode resultat i behandlinga av sjølvskading. På Nordfjord psykiatrisenter har dei kome langt med å bruke denne behandlinga.

Astrid Torheim Per Egil Hellebust

FAGFOLK: Per Egil Hellebust og Astrid Torheim har stor tru på metoden dei brukar for å behandle sjølvskadarane.

Foto: privat

NRK har denne veka retta søkjelyset mot eit omfattande, men ofte skjult samfunnsproblem; Sjølvskading blant unge kvinner og menn.

Forsking syner at så mange som 10 prosent av alle unge jenter ein eller fleire gonger har gjort skade på seg sjølv - oftast som eit rop om hjelp.

Amerikansk metode

På Nordfjordeid har ein sidan 2007 brukt den amerikanske metoden DBT ( Dialektisk adferdsterapi), der ein ansvarleggjer pasienten for å sikre dei eit betre liv.

Og skal ein tru sjukepleiespesialist Astrid Torheim fungerer dette svært godt.

– Den er forbausande vellukka, vi har veldig gode resultat og veldig lite drop-out. Pasientane fullfører stort sett behandlinga og blir veldig mykje betre.Og det er jo det som er så fantastisk, for det er jo det som gjev meining med å jobbe med dette her. Endeleg har vi fått eit verktøy som hjelper pasientane, seier Torheim til NRK.

(Saka held fram under biletet)

Sjølvskading

SVÆRT ALVORLEG: Sjølvskading har utvikla seg til å bli eit stort samfunnsproblem, som også er svært farleg reint fysisk.

Foto: Colourbox

Eit klart symptom

Pasientane ho og resten av teamet jobbar med er ofte i utgangspunktet svært sjuke, og har fått diagnosen «emosjonelt ustabil personlighetsforstyrrelse»

– Sjølvskading er eitt klart symptom i dette biletet, seier Torheim.

Når pasientane vert søkt inn til teamet på Nordfjord psykiatrisenter, får dei først fire til seks konsultasjonar dei ein lagar mål for terapien, teiknar ein forpliktande kontrakt og gjev pasienten grundig innsikt i behandlingsforma.

– Pasienten pliktar seg til å gå i denne behandlinga over ein periode. Det kan ta eitt til tre år, alt etter kor alvorleg sjuke dei er. Så startar vi då med indivual-terapi, der dei får terapi ein gong i veka. Så får dei og ferdigheitstrening to timar i veka, fortel Torheim og kollega, klinisk sosionom Per Egil Hellebust.

Lærer seg å leve her og no

Ferdigheitene pasientane skal lære seg handlar i stor grad om å lære seg å leve på nytt og sikre seg eit liv utan vanskelege kjensler og sjølvskading.

– Dei lærer fire ferdigheiter. Det er å regulerere kjenslene, det er relasjons-ferdigheiter, det er å halde ut når det er vanskeleg, og det vi kallar for mindfullness. Det som handlar om vere her og no.

Denne veka stod 24 år gamle «Maria» fram på NRK med si tøffe livsfhistorie, der sjølvskading har vore ein del av kvardagen hennar i ti år.

– Det kan vel eigentleg forklarast som eit press, eit trykk som kjem frå innsida, med mange av dei kjenslene eg ikkje har ord på. Eg føler at dei slepp ut når eg skadar meg. Eg vert letta innvendig, fokuserar på det eg gjer og får litt avstand, sa ho til NRK.

– Vanskelege kjensler

Fagfolka i Nordfjord forstår at slik er det for svært mange unge i Noreg, og at det er naudsynt å satse på behandlingsformer som faktisk verkar.

– Stort sett så handlar det om vanskelege kjensler på ein eller annan måte. Korleis desse kjenslene har oppstått er gjerne då ulikt frå person til person. Men måten å reagere på, og måten å utøve det her på er ofte veldig likt, forklarar Hellebust.

Han og resten av teamet som jobbar med DBT-metoden er svært glade for at dei kan presentere gode resultat. Nær alle pasientane får eit langt betre liv etter at dei har gjennomført den omfattande og tøffe terapiforma.

– Før eg byrja å jobbe med dette her, så reiv eg meg i håret og lurte på korleis vi skulle klare å hjelpe desse pasientane, fortel Hellebust.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Må vere motiverte

Det er og heilt avgjerande pasientane er motiverte når dei blir med i opplegget dei køyrer på psykiatrisenteret.

– Det er alfa og omega. Pasienten må vere motivert, og det er pasienten som må gjere desse endringane. Vi får ikkje til noko utan at pasientane er motivert for endring. Men vår tenking er at pasienten oftast er motivert, uansett. Vår innstilling er at alle pasientar har lyst å bli betre, seier Astrid Torheim.

Etter at sjølvskadingspasientane har vore gjennom DBT-terapien er målet klart. Dei skal klare å leve eit langt betre liv enn tidlegare.

– Dei ferdigheitene dei lærer skal vare livet ut. Ein lærer ein ny måte å takle livet på. Vår hensikt er å gjere folk i stand til å få eit liv som er verdt å leve, sler terapeutane ved Nordfjord psykiatrisenter fast.