Hopp til innhold

Han har si fulle hyre med å svare Lærdal-elskarar

Lærdal kommune opplever tidenes interesseboom etter TV-serien «Gøy på landet». Kommunen har teke imot fleire konkrete førespurnader frå folk som vil flytte til kommunen.

Odd Helge Brugrand

HEKTISK: Odd Helge Brugrand melde seg frivillig då han ana følgjene TV-serien «Gøy på landet». Dei siste dagane har vore hektiske på ordførarkontoret i Lærdal.

Foto: Lærdal kommune

Tidlegare VG-journalist Odd Helge Brugrand skjønte kva veg det kunne gå då TVNorge-serien byrja i beste sendetid.

Difor melde han seg som frivillig til å overvake Lærdal kommune sin innboks og sider på sosiale medium. Sidan har han hatt hendene fulle med å svare på førespurnader.

– Det er truleg den største interesseboomen Lærdal opplever nokon gong. Det er veldig pågang, og på det meste tek imot kommunen sine Facebook-sider 1,5 likes i sekundet, fortel Brugrand.

Frivillig arbeid

Frå ordføraren sitt kontor har Brugrand teke imot og svart på førespurnader. Pågangen er så stor at han ikkje har rukke over alle, men han lovar at alle skal få svar.

Så langt har nær 1.400 personar trykt liker på Facebook-sida til kommunalminister Liv Signe Navarsete sin heimkommune. Over 2.000 personar hadde tysdag kveld vore innom den same sida. I tillegg strøymer e-postane til kommunehuset.

– Vi får konkrete spørsmål om bustad, barnehageplass og frå folk som ynskjer å komme hit på ferie. Dei har sett fantastiske bilete på TV, der Lærdal blir framstilt som det er – nærast som eit paradis, seier Brugrand, som sjølv er lærdøl.

Vart imponert

Den første episoden av realityserien vart vist måndag kveld. Eit busslast med byjenter søkjer potensielle maker på landsbygda, men i Lærdal har altså ungkarane Petter Andresen og Olav Wendelbo imponert meir enn berre jentene.

Kommunen får skryt frå sjåarar, men også konkrete førespurnader frå folk som ynskjer å busetje seg i Lærdal.

– Hei Lærdal, vi har sittet klistret til skjermen da det ble vist deres sted på Gøy på landet, Det er et så nydelig sted!!, skriv ein av sjåarane på Facebook-sida.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lærdal

POPULÆRT: TV-serien «Gøy på landet» har fått TV-publikumet til å opne augo for den vesle kommunen i Indre Sogn.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Konkrete førespurnader

– Serien vekkjer enorm interesse. Konkret fekk eg nett ein e-post frå ektepar frå Os utanfor Bergen som ynskjer å flytte hit og ynskjer at kommunen tek kontakt. Så det er veldig konkrete tilbakemeldingar, seier Brugrand og held fram:

– Allereie no er det slik at fem av jentene som deltok i «Gøy på landet»-serien kjem tilbake torsdag for å oppleve meir av Lærdal. Dei har fleire gonger uttalt at det er noko av det finaste dei har sett. To av dei skal få omvising på sjukehuset og i barnehage med tanke på å bu i Lærdal i alle fall i eitt år, legg han til.

– Kan busetje mange

Brugrand er lite sjenert med tanke på alt kommunen ved Buskerud-grensa har å tilby interesserte.

Eit søk på Finn.no seier frilansjournalisten at det er ti ledige bustadar og husvære. Han har også fått melding om småbruk som truleg er til utleige. Tomter skal det heller ikkje vere noko problem med.

– Vi kan busetje svært mange i Lærdal, seier han og legg til:

– Har alt

– Lærdal har alt, men det vi treng ekstra av er innbyggjarar. Lærdal er ein av dei mest sentrale stadane, midt i landet mellom Bergen og Oslo. Vi kan tilby natur, kultur og bygdeliv, med bylivet ikkje så langt unna, ramsar Brugrand opp.

– Det er ei stolt tid for lærdølane?

– Lærdølane er eit stolt folkeslag og vi har mykje å vere stolt av. Det er jo eit paradis.

«Reproduktiv ungdom»

Brugrand fortel at det i hovudsak er tale om «reproduktiv ungdom» som no viser interesse for Lærdal kommune.

– Det mest positive med statistikken på Facebook er at den største aldersgruppa som tek kontakt er ungdom mellom 25 og 34 år, altså den «reproduktive befolkninga». Men dei som konkret sender mail er unge par, nygifte par men også par i 40-åra. Par som er i etableringsfasen, kanskje allereie etablert og kanskje ventar på born, men som vil flytte for å oppfylle ein draum seier han og avsluttar:

– Ein veldig interessant førespurnad er eit par frå Nordhordland som ville nærare Oslo, men ikkje vere så langt unna heimen. Dei har skjønt det. Dei ser på Lærdal som alternativ.