Hopp til innhold

Breheimsenteret opp av oska

I dag var det ein liten milepel for bygginga av det nye Breheimsenteret i Jostedalen. Dei første bogane i limtre kom på plass.

Bygging av Breheimsenteret

TEK FORM: Dei første limtrebogane på det nye Breheimsenteret kom på plass i dag.

Foto: Frank Optun Smedegård

Natt til 29. juli 2011 brann det opphavelege Breheimsenteret ned til grunnen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Brann på Breheimsenteret

OPP I RØYK: Breheimsenteret vart totalskadd i brannen natt til 29. juli 2011.

Foto: Eirik Grov

Breheimsenteret var teikna av Sogndal-arkitekten Rolf Sande, og det stod klart til bruk i 1993. Med si særeigne form vart det eit landemerke i Jostedalen. Etter brannen gjekk det ikkje lenge før eigarane avgjorde at dei ville byggje det oppatt.

(Artikkelen held fram under biletet).

Bygging av Breheimsenteret

14 DAGARS ARBEID: Monteringa av limtrekonstruksjonane tek om lag to veker.

Foto: Frank Optun Smedegård

Må få det tett før snøen kjem

Ein føresetnad for bygginga var at Breheimsenteret utvendig vart heilt likt den opphavelege bygningen, og difor vart Rolf Sande igjen sett i arbeid med teikning. Og no tek det til å vise igjen i den storslegne naturen i Jostedalen.

Byggjeleiar Arnt Otto Øygarden fortel at det var litt plunder før dei i dag kunne starte med monteringa av limtrekonstruksjonane.

– Men no er vi i gang, og denne monteringa brukar vi om lag 14 dagar på. Så startar arbeidet med å få bygget tett, og det hastar å få gjort det før den første snøen kjem. Om ei veke ser vi meir av forma på bygget.

(Artikkelen held fram under biletet).

Breheimsenteret 25.9.2012 - bogen på nybygget blir reist

OPP AV OSKA: Dei første limtrebogane før dei vart montert saman i dag.

Foto: Jostein Aasen

Ferdig i mai 2013

Det nye Breheimsenteret skal stå klart til bruk i mai 2013, rundt 20 år etter at det opphavelege senteret stod ferdig. Som nemnt blir det nye heilt likt det gamle utvendig, men innvendig blir det endringar.

– Kafeteriaen blir større enn den gamle, for erfaringa var at den var for liten. I underetasjen blir det eit besøkssenter med utstilling og med kino.

Dagleg leiar Peder Kjærvik i Breheimsenteret er glad for at realiseringa av nybygget no er eitt steg nærare.

– Det har eigentleg gått som ein draum heile byggearbeidet. Det er i gode hender hjå hovudentreprenøren AH Bygg.

På heimesida til Breheimsenteret, jostedal.com , kan du fylgje bygginga. Eit webkamera tek nytt bilete kvart 20. minutt.

Breheimsenteret i Jostedalen

LANDEMERKE: Slik tok Breheimsenteret seg ut før brannen.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK