Hopp til innhold

UP dobla aktiviteten - tek tre gonger så mange førarkort

Utrykkingspolitiet har så langt i år teke beslag i tre gonger så mange førarkort som på same tid i fjor.

UP har fartskontroll

DOBLING: To utrykningspatruljar i fylket har ført til dobla aktivitet. Derimot er tal førarkortbeslag tripla siste året.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ifølgje statistikken til UP-distrikt 06, som vil seie Haugaland og Sunnhordland, Hordaland og Sogn og Fjordane, har UP-patruljane i Nordfjord og Sogn så langt teke beslag i 47 førarkort.

For same periode i fjor viser statistikken 17 førarkortbeslag.

– Det er nok like mykje høg fart no som før, men det handlar om å vere til rett stad til rett tid, seier fungerande distriktssjef i UP, Terje Henry Midthun.

Ny patrulje

Statistikken til UP-distriktet er ikkje heilt oppdatert, men viser at dei to patruljane i Sogn og Fjordane har kontrollert dobbelt så mange bilførarar som den eine patruljen i Sogn gjorde i fjor. Frå nyttår fekk Sogn og Fjordane ein ny patrulje i Nordfjord. Dette viser att i statistikken.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Statistikk frå UP06

 

2010

2011

Tal kontrollerte

6.400

13.277

Forenkla førelegg

554

1.252

Førarkortbeslag

17

47

Gebyr

8

67

Av 13.277 kontrollerte bilførarar har kring 1.250 førarar så langt fått forenkla førelegg. Tal utskrivne gebyr, for til dømes mobilbruk eller manglande bruk av bilbelte, har auka frå åtte til 67 på eitt år.

– Dette er tal gjeldande UP-patruljane som har sitt daglege virke i Sogn og Fjordane. Tala er nok høgare om ein tek omsyn til patruljane som er innom fylket, seier Midthun.

Heller ikkje tala frå dei lokale lensmannskontora er med i statistikken.

Lite «grisekøyring»

Elling Krogen og Bjarte Aasen, som saman utgjer den nye patruljen i Nordfjord, gjorde i førre veke opp status for kontrollverksemda så langt i år. Fasiten viser 40 beslag, der sju er på grunn av rus.

Elling Krogen i UP

HØG FART: Elling Krogen i Utrykningspatruljen i Nordfjord konstaterer at det er mykje høg fart på vegane.

Foto: Bjarte Aasen/UP

Dei dekkjer hovudsakleg riksveg 15 frå aust til vest, samt avstikkarar til E39.

– Isolert sett vil eg ikkje seie at vi ser så mykje stygg køyring. Det er ikkje utprega grisekøyring. Men vi er uniformerte og lett synlege i trafikken. Hadde vi køyrt sivil bil med video, så hadde vi kanskje sett meir stygg køyring, seier Krogen.

Vil vere synlege

Utrykkingspolitiet har så langt i år vore på vegane nærast kvar dag. Før helga kverrsette dei to patruljane seks førarkort på halvanna døgn . I tillegg fekk 101 bilførarar forenkla førelegg for høg fart.

Krogen seier dei truleg hadde gjort fleire beslag om dei hadde skjult kontrollane betre, men han legg til at heile poenget med aktiviteten er å vere synleg i trafikkbiletet.

– Vi har ikkje målsetjing om å ta x tal førelegg, eller x tal beslag. Heile målsetjinga er å vere der det skjer ulukker, eller er fare for at det skjer ulukker. Visjonen er null dødsulukker, og å få ned tal ulukker med personskade, seier han.

118 km/t i 60-sona

Krogen seier dei mest kritiske områda er tettbygde strok der mjuke trafikantar må gå langs sterkt trafikkerte vegar. Han meiner folk køyrer for fort her, og bør ta meir omsyn.

Det er også i ei slik sone, i 60-sona ved Fløtre i Gloppen, at dei har hatt si verste oppleving i år. Ein bilist i godt vaksen alder vart målt til 118 km/t.

– Strekkja er bein og fin, men likevel stygg. Her går det mykje born langs vegen, det er stor trafikk og mykje tungtrafikk. Ei fordobling av farten er ikkje bra. Og då hadde bilisten fått tryggleiksmargin på tre km/t og vel så det. Det signaliserer ein «gi blaffen»-mentalitet som ikkje er bra, seier Krogen.

Flest «vaksne»

Heldigvis er denne fartsoverskridinga heller unntaket enn regelen.

– Han hadde ingen god forklaring på fartsoverskridinga og la seg flat. Vi brukar litt tid på å snakke med bilistar om kva farar ein utset seg sjølv og ikkje minst andre for når ein køyrer slik. Han forstod galskapen i det han hadde gjort, fortel Krogen.

– Men er det ungdomar som står for dei verste fartsoverskridingar?

– Eg tykkjer ungdom får litt for mykje av skulda for alt som er av stygg køyring. Eg vil faktisk anslå at 75 prosent av dei vi stoggar for fartsoverskridingar er ganske godt fordelt kjønnsmessig og i alderen 40–60 år. Det er på ingen måte overrepresentasjon av ungdom.