Hopp til innhold

Krev avklaring om nytt naudnett

Fylkesmannen og fylkesordføraren i Sogn og Fjordane krev ei endeleg avklaring rundt dekningsgraden til det nye naudnettet.

Naudnett dekning IKKE BRUK

DÅRLEGARE DEKNING: Ifølgje rapporten NRK fekk tilgang til skal det nye naudnettet dekke mindre enn det som først var avtalt. No krev fylkesmannen og fylkesordføraren i Sogn og Fjordane eit klart svar frå departementet.

Foto: NRK

I eit brev fylkesmann Anne Karin Hamre og fylkesordførar Åshild Kjelsnes har sendt til Justis- og beredskapsdepartementet krev dei to no eit klart svar.

Ei hemmeleg kontrakt som NRK fekk tilgang til viste at dekningsgraden på det nye naudnettet kunne bli dårlegare enn tidlegare i Sogn og Fjordane. Det nye naudnettet skal ifølgje rapporten berre dekkje 57 prosent av fylket.

Direktoratet for Nødkommunikasjon har allereie tilbakevist påstanden skriv dei to i brevet, men fylkesmannen og fylkesordføraren i Sogn og Fjordane vil ha dette stadfesta frå høgste hald.

– Vi legg til grunn at dette er rett, men vil likevel understreke at det er viktig å fjerne grunnlaget for all tvil om kor vidt Sogn og Fjordane vil få minst like god dekning som planlagt, skriv dei to i brevet til departementet.

Frå 86 prosent til 57 prosent

I den første kontrakten som vart underskrive mellom Direktoratet for Nødkommunikasjon og leverandøren Motorola, skulle nær 80 prosent av landet ha dekning i det nye naudnettet.

Men ifølgje ei ny, hemmeleg kontrakt som NRK fekk tilgang til, er Motorola berre er forplikta til å dekke om lag 70 prosent av landet.

For Sogn og Fjordane sin del er det snakk om at dekningskravet går ned frå 86 prosent til 57 prosent.

(Artikkelen held fram under videoen)

En ny hemmelig kontrakt med leverandøren for nødnettet slår fast at nettet skal dekke langt mindre av Norge enn det Stortinget bestilte. Opposisjonen mener Stortinget er ført bak lyset.

Fleire uroa over dårleg dekning

Eit naudnett som berre dekker vel halve fylket vil til dømes kunne få store konsekvensar for luftambulansen. Basesjef for luftambulansen i Førde, Kjell Naustdal, sa tidlegare denne månaden at dette vil føre til at dei oftare blir ståande utan kontakt med AMK.

Naustdal viste til at luftambulansen i område utan dekning vil få store vanskar med å kommunisere med AMK og at dei heller ikkje får nytte seg av utstyr som viser kor helikopteret er til ei kvar tid.

Også ordføraren i Stryn uttrykte sterk misnøye med det som kom fram i rapporten.

– Den tiltrua eg har til sentrale myndigheiter er i ferd med å bli ganske tynnsliten, sa ordørar Sven Flo til NRK.no for nokre veker sidan.

Politimeisteren er ikkje uroa

På den andre sida seier både ambulansesjefen i Helse Førde og politimeisteren i Sogn og Fjordane at dei ikkje er uroa over det nye naudnettet.

– Ut frå det som blir sagt til meg, så blir det betre dekning. Det er jo dårleg dekning nokre stader i dag, og det vil bli betre, seier politimeister Johan Brekke i Sogn og Fjordane.

– Men det står att å sjå i praksis om det som blir presentert er det som blir gjeldande. Difor har eg komne med nokre viktige innspel, sa Stian Sægrov som er ambulansesjef i Helse Førde til NRK.no.

– Avgjerande med god dekning

Sjølv om fylkesmannen og fylkesordføraren registrerer at Direktoratet for Nødkommunikasjon har sagt at målsetjinga for dekning ligg fast, vil dei ha eit klarare svar.

Fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand i Sogn og Fjordane seier det er avgjerande at naudnettet har god dekning og at dekninga blir slik den var planlagt.

– Naudnettet skal bidra til å redde liv og helse, og nettet skal nyttast til å utveksle informasjon på skadestader og når det skjer noko, seier Stensvand.

– Folk føler uro

Fylkesmann Anne Karin Hamre

KREV SVAR: Fylkesmann Anne Karin Hamre vil at departementet skal fjerne all tvil kring dekningsgraden på det nye naudnettet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

KREV SVAR: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes vil vite kva som eigentleg er fakta kring dekningsgraden i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Stensvand seier fylkesmannen har hatt ein del kontakt med Direktoratet for Nødkommunikasjon og at dei langt på veg har roa dei.

– Vi har fått opplysningar som gjer at vi har grunn til å tru at dekninga blir god, og betre enn det eksisterande helse og politinettet, seier Stensvand.

Men dei mange oppslaga i media har gjort folk urolege, fortel han.

– Folk føler ei viss uro, og eg synst det er viktig at ein får det på det reine kva som er fakta slik at vi kan roe ned folk, seier fylkesberedskapssjefen.

Vil at frivillige skal få bruke naudnettet

I brevet ber fylkesordføraren og fylkesmannen også om at det snarast blir lagt til rette for at også frivillige organisasjonar kan ta i bruk naudnettet.

– Erfaringane våre frå «Dagmar» viste at dei frivillige organisasjonane spelar ei stor rolle i mange av våre kommunar.

– Vi er opptekne av at det ikkje tek for lang tid før det blir opna for at også dei kan nytte dette nye naudnettet, seier Stensvand.

Fylkesordføraren og fylkesmannen skriv også at det er viktig med tilstrekkeleg dekning i tunnelane i Sogn og Fjordane.