Hopp til innhold

Politiet kom først 80 minutt etter

Først 80 minutt etter at ulukka skjedde kom politiet fram til ulukkesstaden i Aurland. Brannvesenet seier dei stadig må ta på seg oppgåvene til politiet.

Trafikkulukke ved Østerbø

POLITIET KOM TIL SLUTT: Først ein time og 20 minutt etter ulukka var politiet framme på ulukkesplassen ved Østerbø i Aurland.

Foto: Arne Veum

Sogn Avis skriv i dag at ambulansane hadde reist frå staden og at brannvesenet hadde opna vegen, før politiet kom fram til ulukkesstaden på fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland.

Politiet brukte nemleg over ein time på å rykkje ut til ulykka der to personar kom lettare til skade søndag ettermiddag.

Reinhard Sørensen i brannvernet i Aurland seier til avisa at brannvesenet har opplevd at politiet ikkje har kome til ulukkesstader før dei har reist. Fleire gonger har brannvesenet måtte ta på seg oppgåvene til politiet.

– Det at ein har ein minska politiberedskapen i området, gjer at det vert meir belastning på oss i brannvesenet når vi må ta oppgåvene til politiet, seier Sørensen til Sogn Avis.

Sørensen seier brannvesenet gjerne skulle sett at det var meir politiberedskap i området og får støtte frå politibetjent Trond Akre ved Årdal lensmannskontor.

– Vi i politiet har eit stort dekningsområde, og fleire kommunar å dekkje enn ambulansen og brannvesenet, seier Akre til avisa og seier han også ønskjer seg fleire politifolk og mindre vaktområde.