Hopp til innhold

100 kontrollert i trafikkontroll utanfor Førde

Politiet utførte trafikkontroll i Førde søndag ettermiddag. 100 bilistar vart kontrollerte.

Politibil
Foto: Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / Scanpix

Politiet hadde kontroll like utanfor Førde sentrum og kontrollerte 100 bilistar for både promille og førarkort.

Ein utan førarkort

Etter kontrollen var det berre ein av førarane politiet hadde noko å utsetje på. Ein mann i 60 åra er meld for køyring utan førarkort.

Saka vert følgd opp av Førde og Naustdal lensmannskontor.