Hopp til innhold

Andreplass på laurdag, diskvalifisert på søndag

Anders Fannemel leverte varene på Grand Prix-hopprennet på laurdag, men under rennet på søndag vart han diskvalifisert.

Anders Fannemel

GRAND PRIX: Anders Fannemel leverte varene under laurdagens renn og kom på ein andreplass. Søndag gikk det ikkje fult så bra og Fannemel vart diskvalifisert.

Foto: Rune Fossum / NRK

Skihopparen frå Hornindal gjorde det svært godt under laurdagens renn i Almaty i Kasakhstan og enda på ein andreplass i storbakke (K-125).

– Det var ein bra dag!

– Eg hadde ein veldig god følelse i kroppen og fekk til eit veldig bra hopp i fyrsteomgang der eg leda, men eg bomma litt i andreomgang og vart nummer to, men eg er veldig fornøgd med resultatet. Det var ein bra dag, seier Fannemel.

Diskvalifisert på søndag

Etter ein god start så skulle det gå litt dårlegare på søndagen for den unge skihopparen.

– Hoppinga var grei nok den, men eg var litt urutinert og enda opp med å bli diskvalifisert for nokre reglar på hoppdressen, fortel Fannemel.

– Kva slags feil gjorde du?

– Det går på kor langt det skal vere frå bakken og opp til skrittet når du har på deg hoppdressen og eg hadde 1,5 cm for lågt der, seier Fannemel.

Fleire renn i vente

Sjølv om Fannemel vart diskvalifisert på søndag så får han god anledning til å rette det opp i tida framover, for det står mange renn på plakaten.

– Fyrst no er det heim til Lillehammer for å trene fysisk ut den veka her før Grand Prix-rennet i Austerrike på søndag og i Tyskland på tysdag, avsluttar Fannemel.