Hopp til innhold

Full krangel om Kvivsvegen

Det er pinleg av Erna Solberg å gå til åtak mot Senterpartiet i samband med løyvingane til Kvivsvegen.

Marit Arnstad

Samferdelsminister Marit Arnstad

Foto: Trond Vestre / NRK

Det seier samferdselsminister Marit Arnstad.

Det var på eit Høgre-møte i Hornindal i samband med opninga av Kvivsvegen laurdag at Høgre-leiar Erna Solberg nytta høver til å angreipe Senterpartiet. Ho viste til at Senterpartiet har prøvd å ta æren for realiseringa av Kvisvegen, og karakteriserte dette som småleg og barnsleg. Alle parti på Stortinget, og ikkje minst Høgre, har vore med for å få realisert Kvivsvegen, sa Solberg mellom anna.

Reagerer skarpt

Samferdselsminister Marit Arnstad reagerer skarpt på angrepet frå Høgre.

-Det er pinleg av Erna Solberg å gå ut på denne måten.Det som har vore mi påpeiking er at det må sikrast midlar til gjennomføring av prosjektet, og det var det Liv Signe Navarsete som samferdselsminister som i si tid fekk igjennom, seier Arnstad.

Erna Solberg, Høyre-leder

Høgre-leiar Erna Solberg

Foto: NRK

-Monopolpengar

-Ho sikra midlar til det, seier du. Kva legg du i det?

-Du må sikre dei løyvingane til dei prosjekta som ligg inne i Nasjonal Transportplan. Høgre i Oslo kalla Navarsete sitt forslag til Nasjonal Transportplan for luftpengar og monopolpengar, men det viste seg at ho som samferdselsminister var i stand til å sikre dette prosjektet.

Meiner Høgre har gløymd distrikta

-Men Senterpartiet har ikkje fleirtal åleine på Stortinget, så andre parti var vel også med og sikre desse midlane?

-Ja, dette må igjennom både i Regjering og Storting. Men det er ikkje noko tvil om at vi her har hatt ein samferdselsminister i 2007 og 2008 som kjempa hardt for dette prosjektet. Det er heller ingen tvil om at Høgre sentralt har ikkje vore påtrengande opptatt av vegar i distrikta. Dette er pinleg av Høgre, seier Arnstad.