Hopp til innhold

Viktig med førstehjelp i fjellet

– Det å kunne førstehjelp når ein er på fjelltur vil bidra til at fleire liv blir redda.

Øvde på fyrstehjelp

FØRSTEHJELP: Over 60 deltakarar øvde seg i helga på å bli betre i fyrstehjelp i fjellet.

Foto: Roger Bareksten

Det seier Roger Bareksten, leiar for kurs- og fjellsportutvalet i Sogn og Fjordane Turlag.

Tørvis hotell i Marifjøra har denne helga vore arena for Den Norske Turistforening sin nasjonale utdanningskonferanse. Turleiarar, instruktørar og kursleiarar frå heile landet har vore i Sogn for å auke kompetansen på turplanlegging, tryggleik, beredskap og førstehjelp på tur.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øvde på fyrstehjelp

BEINBROT: Her øver to deltakarar seg på å legge støtte på eit beinbrot.

Foto: Juel Victor Løkstad / DNT

10 000 fjellturar årleg

DNT står årleg bak over 10 000 fellesturar og arrangement, og det er tusenvis av turleiarar som utfører desse turane. DNT ønskjer heile tida å arbeide med kompetanseheving og tryggleik i samband turane sine.

Øvde på fyrstehjelp

SYR: Karoline Burdahl Teien, leiar for DNT ung sentralt, øver seg på å sy sår. Her med ein fleskebit til å øve seg på.

Foto: Juel Victor Løkstad / DNT

– Dette var difor eit hovudfokus for denne samlinga, seier Roger Bareksten. At samlinga blir lagt til fylket vårt er eit tydeleg signal på at DNT sentralt ser på Sogn og Fjordane som eit svært attraktivt område for turfolket, seier han.

60 deltakarar

Over 60 deltakarar var med på konferansen på Tørvis Hotell i Marifjøra i helga.


– Det å kunne beherske grunnleggjande første kan i mange tilfelle vere heilt avgjerande for å kunne redde liv når ein er i fjellheimen. Vi har i løpet av helga hatt fleire øvingar som vil vere nyttig for dei som skal yte førstehjelp i fjellet, seier Bareksten.