Hopp til innhold

Solberg ut mot Senterpartiet

Senterpartiet framstår småleg når dei prøvar å ta æren for at Kvivsvegen blir realisert. Det seier Høgre-leiar Erna Solberg.

Erna Solberg Dagsnytt 18
Foto: Nyhetsspiller / NRK

Det var under Høgre-samlinga i Hornindal laurdag i samband med opninga av Kvivsvegen, at Solberg nytta høvet til å kome med eit spark mot Senterpartiet. Solberg viste til at samferdselsminister Marit Arnstad på vegner av Senterpartiet har prøvd å ta æren for at Kvivsvegen blir relaisert.

Bjørn Lødemel, Erna Solberg og Jan Tore Sanner saman i Hornindal.
Foto: Bård Siem / NRK

-Småleg

-Eg synest det blir barnsleg. Kvivsvegen er eit vegsamband som vi alle var samde om. Sambandet låg inne i Nasjonal Transportplan frå Bondevik 2-regjeringa. Når vi veit kor mykje mellom andre vår eigen Bjørn Lødemel og fleire andre har jobba for å få reliasert Kvivsvegen, blir det småleg av Senterpartiet å prøve å ta æren for prosjektet, seier Solberg.

Krangel på sosiale medium


-Kven i Senterpartiet har prøvd å ta æren for Kvivsvegen?

-Det har vore ein liten krangel på sosiale medium dei siste dagane der også samferdselsminister Marit Arnstad kasta seg på. Det blir feilt å hevde at det er Senterpartiet som har løyvd midlane. Dette har alle partia på Stortinget stått bak, seier Solberg. Marit Arnstad har så langt ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.