Hopp til innhold

Førdekapteinen: – Med slikt spel har vi ingenting i 2. divisjon å gjere

Med tre mål på 18 minutt såg det ut til at Førde kunne stikke av med tre poeng mot botnlaget Eid. Men slik gjekk det ikkje.

Førde - Eid

TAP FOR TOPPLAGET: Førde starta friskt med tre mål på 18 minutt, men så var det slutt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Etter ein frisk start for Førde, var det jamt slutt og Eid klarte til slutt 3–3 og uavgjort.

– Om vi rykkjer opp og held det nivået vi har i dag, har vi ingenting i 2. divisjon å gjere, seier Førde-kaptein Øystein Vetti til NRK.no.

Kunne sikra opprykket

Øystein Vetti

KRITISK: Kaptein Øystein Vetti meiner Førde ikkje har vore gode nok dei siste kampane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Etter 22 spelte kampar ligg Førde øvst på tabellen med 54 poeng, Florø på 2. plass har 45 poeng

Hadde Førde vunne sin kamp og Florø tapt sin, hadde det vore heilt sikkert at Førde-herrane rykkjer opp. Men Florø vann 3–0 mot Radøy Manger på bortebane og Førde klarte altså berre uavgjort.

Gjekk opp i liminga

Heimelaget let Eid få komme inn i kampen og slutta å spele med innsats. Ved pause var stillinga 3–1. Førdekaptein Øystein Vetti seier laget gjekk opp i liminga.

– Vi trudde nok at kampen var avgjort, men den varer jo i 90 minutt, seier han.

Vetti er veldig skuffa og seier dei blir deira eigen fiende i den situasjonen dei er i no.

– Vi trur at vi allereie har avgjort serien, men det er kampar igjen. Dette handlar ikkje berre om oss, men også om lag som kjempar om å behalde plassen i divisjonen. Vi må har respekt for det og gjere jobben vår. I dag var vi ikkje i nærleiken. Dette var ikkje godt nok, rett og slett.

Det er fire kampar igjen og Vetti har håp om at dei klarer å rykkje opp. Men han seier dei har litt å jobbe med framover.

– Vi må jobbe vidare med det vi har blitt einige om og akkurat no er vi ikkje i nærleiken av det. Det har vi heller ikkje vore dei siste fem-seks kampane.

Målskårar var Bernt Norevik, Kristoffer Iversen og Thor Erik Nyård for Førde. Eid sine mål blei skåra av Johannes Myklebust, Bjørn Totland og Edgar Flo.

Slik enda dei andre kampane:

  • Sotra – Saga 2–1
  • Radøy Manger – Florø 0–3
  • Bergen Nord – Årdal FK 2–1
  • Stryn – Tornado Måløy 1–1
  • Vik – Voss 3–5